Julemerke er eit spesielt frimerkeliknande klistremerke, som er nytta til juleposten. Det var opphavleg oppfunne for å samle inn pengar til barn med tuberkulose. I motsetnad til julefrimerke har eit julemerke ingen frankeringsverdi.

Dansk julemerke frå 1904

Det første julemerket var dansk og vart sendt ut den 6. desember 1904 etter en idé av postmeistar Einar Holbøll. I Noreg har det tradisjonelt vore religiøse og humanitære organisasjonar som har sendt ut julemerke, mellom andre Norske Kvinners Sanitetsforening, Den Norske Sjømannsmisjon og Norges Røde Kors. Julemerker kom på marknaden i Noreg i 1906.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Knut Anders Berg, Liv Berit Tessem og Kjetil Wiedswang: Julen i norsk og utenlandsk tradisjon, Gyldendal , 1993