Julemusikk omfattar ei rekke ulike typar musikktypar knytte til juletida, frå klassisk instrumentalmusikk og juleoratorium til meir folkelege julesongar med tekstar som kan knytta dei til juleevangeliet, julefeiring, julefigurar eller vinteren. Julemusikk kan framførast eller spelast i kyrkjer, på konsertar, i butikkar og handlesenter, privat og ved festar.

Julekonsert i ei svensk kyrkje.
Julegruppe (Christmas band) i Cape Town i 2001.
Foto: Henry Trotter
Korps held utandørskonsert på juledagen i Bollington i England i 2016.
Foto: Donald Judge

Historie endre

Musikk knytt til jul kan førast tilbake til Romarriket på 300-talet, med latinske hymne som «Veni redemptor gentium».[1] Etterkvart blei det også laga julesongar på folkespråk, mellom anna under påverknad frå Frans av Assisi.[2] I engelsk tradisjon blei det laga carolar, songar ein kunne dansa til, til jul. I 1426 nemnde John Awdlay 25 caroles of Cristemas i eit verk, truleg songar framørte av vandrande wassailerar.[3] På 1500-talet blei det skrive fleire julesongar som framleis blir sungne, som «Det hev ei rose sprunge» og «Å juletre» (på tysk) og «God Rest You Merry, Gentlemen».[4]

Johann Sebastian Bach sitt juleoratorium, BWV 248, er ei barokk tolking av juleevangeliet skrive til jula 1734 som er blitt framført ved juletider sidan.[5] Peter Cornelius komponerte eit verk av seks songar knytte til jul kalla Weihnachtslieder.

Andre kjende komponistar har skrive instrumentale verk til jul, som Antonio Vivaldi sin fiolinkonsert RV270 Il Riposo per il Santissimo Natale ('For den alleheilagaste jula') og Julekonsert (1690) av Arcangelo Corelli. Andre klassiske verk knytte til jul er mellom anna L'enfance du Christ (1853–54) av Hector Berlioz, Oratorio de Noël (1858) av Camille Saint-Saëns, Nøtteknekkeren (1892) av Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij,[6] Fantasia on Christmas Carols (1912) av Ralph Vaughan Williams og A Ceremony of Carols (1942) av Benjamin Britten.

George Frideric Handel sitt oratorium Messias blir ofte framført til jul.[7] Sjølv om det opphavleg blei skrive for å framførast til påske, dekkjer det delar av den kristne juleforteljinga.[8][9]

Døme endre

For meir om dette emnet, sjå Julesongar.

Kjende norske julesalmar endre

Songleikar endre

Populærmusikk endre

Klassisk musikk endre

Kjelder endre

  1. Miles, Clement, Christmas customs and traditions, Courier Dover Publications, 1976, ISBN 0-486-23354-5, s. 32
  2. Miles, s. 31–37
  3. Miles, s. 47–48
  4. Moore, Kimberly (November 29, 2011). «A Brief History of Holiday Music». Psychology Today. Henta 22. oktober 2017. 
  5. «Bach - Christmas Oratorio». Classic FM. Arkivert frå originalen 20. mars 2016. Henta 10. oktober 2019. 
  6. Fisher, J. (2003). Nutcracker Nation: How an Old World Ballet Became a Christmas Tradition in the New World. New Haven: Yale University Press. 
  7. Whittall, Richard (16. desember 2014). «Messiah complex: why it's a joy to sing Handel's classic every Christmas». The Guardian. Arkivert frå originalen 10. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  8. Kandell, Jonathan. «The Glorious History of Handel's Messiah». Smithsonian. Arkivert frå originalen 10. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  9. «Messiah – London Handel Festival». Arkivert frå originalen 10. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.