Jules A. Hoffmann

Jules Alphonse Hoffmann (fødd 2. august 1941) er ein fransk biolog oppvaksen i Luxemburg. Han er vinnaren av nobelprisen i medisin 2011.

Jules A. Hoffmann

Fødd2. august 1941
Echternach
NasjonalitetFrankrike, Luxembourg
Områdeimmunologi, cellebiologi, biologi, insekt
Yrkebiolog, immunolog, lege, universitetslærar, forskar
InstitusjonarDet franske vitskapsakademiet
Alma materUniversité de Strasbourg
Philipps-Universität Marburg
Lycée de garçons Luxembourg
MedlemAcadémie française
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Academia Europaea
Q16764773

Arbeid endre

Hoffmann studerte biologi og kjemi ved Universitetet i Strassbourg og fekk vitskapleg doktorgrad der i 1969. Frå og med 1964 har Hoffmann vore forskingsassistent ved Centre national de la recherche scientifique, og i 1974 vart han forfremja til forskingsdirektør. Særleg studerte han insekt og hormona deira, samt cellulær og molekulær biologi. I 2007 vart Hoffmann president i det franske vitskapsakademiet.

Hoffmann forska særskilt på stoffskiftet i hormonet Ecdyson og forsvarssystemet til fluger. Dette består i antistoff som blir syntetisert av flugene, og som til dels kan aktiverast til proteintypen Toll-protein. Liknande protein finst òg i menneskekroppen, og vert kalla Toll-like reseptorar. Toll-like reseptorar kan spela ei viktig rolle i immunsystemet når ein skal skilja ut framandlekamar og binda endotoksin. Bruce A. Beutler var særleg involvert i oppdaginga av Toll-like reseptorar.

Heider endre

I 2011 vart Jules A. Hoffmann tildelt nobelprisen i medisin saman med Bruce A. Beutler og den då avdøde Ralph M. Steinman. Dei fekk prisen for forskinga deira på medfødt og tilpasningsdyktig immunitet. I tillegg til nobelprisen har Hoffmann fått ei lang rekkje prisar for arbeidet sitt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jules A. Hoffmann