Julie Backer

Norsk demograf og statistiker (1890–1977)

Julie Elisabeth Backer (fødd 31. august 1890 i Kristiania, død 31. desember 1977 i Oslo) var ein norsk demograf og statistikar. Ho var ein av pionerane innanfor demografisk statistikk i Noreg, og vert i dag særleg hugsa for dei historiske undersøkingane sine om dødelegheit.

Julie Backer

Fødd31. august 1890
Christiania
Død31. desember 1977
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkestatistikar, demograf
InstitusjonarStatistisk sentralbyrå
Alma materUniversitetet i Oslo

Ho tok doktorgraden i 1938 og var byråsjef for Statistisk sentralbyrå frå 1936 til 1956 og seinare konsulent i forskingsavdelinga same stad. Ho gjorde fleire ekspertoppdrag for internasjonale organisasjonar og skreiv mange avhandlingar, særleg om folketalsstatistiske og medisinsk-statistiske emne.

Julie Backer vart vald inn i det internasjonale statistiske institutt i 1948 og var medlem av den internasjonale union for vitskaplege folkestudiar. Ho var òg medlem av ekspertkommisjonen til Verdas helseorganisasjon for statistisk klassifikasjon av medisinske diagnosar.

Kjelder endre

«Julie Elisabeth Backer» i Store norske leksikon, snl.no.