Julie Ellingsen (21. februar 1869 Fredrikstad–1. juli 1958) var ein norsk forfattar og lærer som skreiv bøker under psevdonymet Julie.[1]

Julie Ellingsen
Pseudonym Julie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1869
Fredrikstad
Død

1. juli 1958 (89 år)

Yrke skribent, lærar

Ellingsen var dotter av skreiddarmeisteren og regntøyfabrikanten Hans Ellingsen og kona hans Borgine Nilsdatter.[2][3] Ho vart verande ugift.

Julie Ellingsen verka i det daglege som lærar. I 1910 vart ho tilsett ved særskolen i Kristiania.[4]

Under psevdonymet Julie stod Julie Ellingsen for ei rekkje små utgjevingar i åra kring 1900. Tre av dei kom ut i 1897, medan dei to siste, biletbøkene Lillemor og Lillegut, kom ut i 1901.

Julie Ellingsen er gravlagd på Vestre Gravlund.[5]

Bibliografi endre

  • 1897: I Regnveir
  • 1897: Odd
  • 1897: Paa Besøg, biletbok
  • 1901: Lillegut, biletbok
  • 1901: Lillemor, biletbok

Kjelder endre

  1. Folketelling 1910 for 0301 Kristiania kjøpstad: Bosted by: 0063 Waldemar Thranesgate 32
  2. Folketelling 1885 for 0301 Kristiania kjøpstad: Bosted by: 0255b Sofienberggade 14
  3. Klokkerbok for Glemmen prestegjeld 1867-1875 (0132Q): Fødte og døpte: 1869-03-21
  4. «Morgenbladet, lørdag 17. desember 1910», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  5. «Friheten, torsdag 3. juli 1958», www.nb.no, henta 13. november 2021 

Litteratur endre