Julierpasset er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen knyter saman dalane Surses i nordvest og Engadin i søraust. Fjellovergangen skil tilsigsfelta til Nordsjøen, via Julia-elva og Rhinen på den eine sida, og Svartehavet, via Inn og Donau, på den andre sida. Oppfarta på søraustsida er kort, sju km frå Silvaplana og har ei mindre stigning til passhøgda, 469 meter. På motsett side kan heile det 36 km lange dalføret med Julia-elva sjåast som nordvestoppfarta til fjellovergangen. Stigninga er her 1 448 meter, med fleire bratte trinn fordelt gjennom dalen. Den siste landsbyen på denne strekninga før passet er Bivio, ni km og 515 høgdemeter frå passhøgda.

Passhøgda i Julierpasset, retning vest

Fjellvegen over Julierpasset er heilårsveg.

Soge endre

 
Romersk søyle i Julierpasset.

Gjennom arkeologiske funn ved passhøgda er det påvist funn av ein kjerreveg over fjellet som stammar frå romartida. Den ganske ufarlege topologien til Julierpasset gjorde ruta Malojapasset–Julierpasset til eit av dei viktigaste nord-sør-sambanda over Alpane. I mellomalderen overtok Settimopasset, som ligg nokre kilometer lenger vest, mykje av Julierpasset si rolle. Også St. Gotthard- og Splügenpasset vart etterkvart viktige transportvegar. Først då heilårsvegen over Julierpasset vart bygt, 1820-40, fekk sambandet tilbake noko av sin opphavlege verdi som transportåre.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Julierpasset