Jupitermånen Himalia

Himalia er ein jupitermåne som vart sett for første gong den 4. desember 1904 av Charles Dillon Perrine, som observerte han frå Lick-observatoriet i California. Etter oppdaginga vart månen formelt kalla for Jupiter VI, og også Hestia etter åregudinna Hestia. Først i 1975 fekk han sitt noverande namn etter nymfa Himalia, som ifølgje gresk mytologi fekk tre søner med Zevs.

Himalia
Himalia fotografert av Cassini-sonden
Oppdaging[1]
Oppdaga avCharles Dillon Perrine
Oppdagingsdato4. desember 1904
Baneskildring[2]
11 461 000 km
Eksentrisitet0,1623
250,56 dagar
Banehelling27,496°
Satellitt avJupiter
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
170,0 km (om albedoen er 0,04)[2]
90 792,03 km²[2]
Masse6,7440 × 1018 kg[2]
2,6 g/cm³[2]
0,062 m/s²[2]
370 km/t[2]
7,782 timar
Albedo0,03 (synleg geometrisk)[3]

På veg mot Planeten Saturn, tok romsonden Cassini den 19. desember 2000 eit grovkorna bilete av Himalia, men dessverre gjorde avstanden det umogleg å avsløre overflatedetaljar på den mørke kloden. Ein trur at månen består av klippemateriale og i mindre grad is.

Himalia er det største medlemmen av ei underinndeling av Jupiter sine månar som vert kalla Himalia-gruppa, alle med ein avstand på 11 til 13 millionar kilometer til Jupiter, og med banehellingar rundt 27,5 grader.

Kjelder endre

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Himalia: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Jovian Satellite Fact Sheet - NSSDC