Jurij Fjodorovitsj Kasjkarov (fødd 4. desember 1963) er ein russisk, tidlegare skiskyttar frå Khanty-Mansijsk som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Han vart individuell verdsmeister på 20 km i 1985. Mellom 1983 og 1991 vann han med Sovjetunionen sju medaljar i stafett-tevlingar i VM og OL, fire i gull og tre i sølv.

Jurij Kasjkarov
Fødenamn Юрий Фёдорович Кашкаров
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 4. desember 1963 (60 år)
Khanty-Mansijsk
Idrett skiskyting, militært patruljeløp
Tok del i

Vinter-OL 1988, biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Kasjkarov fekk sin VM-debut som 19-åring i 1983. Etter eit godt løp på 20 km fekk han plass på Sovjetunionen sitt stafettlag, eit lag som vart verdsmeistrar. Året etterpå, i 1984, var han med på det sovjetrussiske stafettlaget som gjekk til topps i vinter-OL i Sarajevo. Han gjorde så sin beste sesong i 1985, då han vann gullmedaljar på 20 km og i stafett under VM i Ruhpolding. Same sesongen kom han på andreplassen i verdscupen i skiskyting, bakom verdscup-sigraren Frank-Peter Roetsch som representerte DDR. I VM 1986 tok Kasjkarov si fjerde strake gullmedalje i stafett-øvinga, året etter fekk han sitt fyrste VM-sølv i stafett, ein prestasjon han og lagkameratane gjentok i 1989 og 1991. Under VM 1989 i Feistritz vann han si andre individuelle VM-medalje, ein bronse, slått av vinnaren Frank Luck frå DDR og norske Eirik Kvalfoss.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar