Jurjev-Polskij (russisk Ю́рьев-По́льский) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved det øvre løpet til elva Koloksja, ei sideelv til Kljazma, rundt 60 km nordvest of Vladimir.

Jurjev-Polskij
Юрьев-Польский
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Jurjev-Polskij is located in Russland
Jurjev-Polskij is located in Vladimir oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Først nemnd i
Bystatus
1152
1778
Geografi
Flatevidd
 - By

10 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

19 570
  1 957 /km²
Koordinatar 56°30′N 39°41′E / 56.500°N 39.683°E / 56.500; 39.683
Høgd over havet 140 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 601800
Retningsnummer (tlf) +7 49246

Historie endre

 
Kreml i Jurjev-Polskij
 
Georgskatedralen

Jurjev-Polskij vart grunnlagd av Jurij Dolgorukij i 1152. Første del av namnet er frå Jurijs vernehelgen, Sankt Georg. Andre del av namnet kjem av ordet polskij som tyder «på markene» (sjå Opolje for detaljar). Denne spesifiseringa var naudsamt for å skilje byen frå den tidlegare festninga Jurjev (no Tartu), som låg i skogane i det noverande Estland.

Etter Vsevolod III døydde i 1212 vart byen gjeve til ein av dei yngste sønene hans, Svjatoslav. Det var han som personleg teikna det viktigaste landemerket i byen, Georgskatedralen (1230–1234). Han var den siste før-mongolske bygningen i Russland og hadde rike steinskulpturar som ikkje hadde vore sett tidlegare og han var òg modell for dei første steinkyrkjene i kreml i Moskva. På 1460-talet kollapsa kuppelen i katedralen og gravla dei fleste av dei unike skulpturane som hadde pryda veggane. Kuppelen vart i 1471 slurvete restaurert av ein velkjend handverkar frå Moskva, Vasilij Jermolin.

Det store slaget ved Lipitsa vart utkjempa i nærleiken av byen i 1216. I 1238 vart Jurjev øydelagd av mongolane. Eit hundreår seinare vart han ein del av Storfyrstedømet Moskva. Det viktigaste fortidsminnet frå den moskovittiske perioden er festningsklosteret til erkeengelen Mikael, opphavleg grunnlagd på 1200-talet og som inneheld fleire bygningar frå 1600- og 1700-talet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jurjev-Polskij