Jus soli (latin: grunnens rett) er ein rett der nasjonalitet og statsborgarskap blir gitt til kvar ein som er fødd på den aktuelle staten sitt territorium. Ved utgangen av 1800-talet delte dei fleste nasjonalstatane seg i ei gruppe som gav nasjonalitet på grunnlag av jus soli, til dømes Frankrike, og ei gruppe som gav statsborgarskap på grunnlag av jus sanguinis (blodets rett), til dømes Tyskland før år 2000. Dei fleste europeiske landa valde den tyske oppfatninga om ein objektiv nasjonalitet basert på blod, rase og språk i tråd med Fichtes klassiske definisjon av ein nasjon. Dei stilte seg dermed i opposisjon til Ernest Renans subjektive nasjonalitet basert på ei medviten tilslutning til fedrelandet.

Denne ikkje-essensialistiske oppfatninga av nasjonalitet gav rom for å tillempa jus soli, mot den essensialistiske jus sanguinis. Den auka innvandringa i mange land har likevel til ein viss grad viska ut grensene mellom desse motsette kjeldene til rett.

Land som har godkjent Konvensjonen om reduksjon av statsløyse frå 1961 gir statsborgarskap til elles statslause personar som er fødde på deira territorium eller på eit skip eller fly som bar landets flagg.