Just Because av Nelstone's Hawaiians

«Just Because» er ein song skriven av Joe Shelton, Sydney Robin og Bob Shelton og opphavleg spelt inn av Nelstone's Hawaiians (Hubert Nelson og James D. Touchstone) i 1929 og seinare av The Shelton Brothers i 1933.[1][2] Som kjelder seier at Sydney Robin skreiv songen aleine og at dei to Shelton-brørne la til namnet sitt då dei spelte han inn.

Andre versjonar endre

Songen har blitt spelt mange gonger, særleg etter Shelton Brothers-innspelinga. I 1933 gav RCA Victor ut ein versjon av songen av The Lonestar Cowboys.[3][4] Nelstone's Hawaiians[5] Victor V40273 (1929)[6]

Songen har òg blitt spelt inn av Frankie Yankovic i ei innspeling som kom ut i 1948.[7]

Elvis Presley spelte inn songen 10. september 1954 i Sun Studios. Songen vart aldri gjeven ut på Sun og kom med på debutalbumet hans, Elvis Presley, etter at han fekk kontrakt med RCA. Paul McCartney spelte inn songen seinare i ein liknande stil som Presley sin versjon på albumet Choba B CCCP.

Al Hirt gav ut ein versjon i 1964 på albumet Beauty and the Beard.[8]

«Just Because» er kjenningsmelodien til Peninsula Banjo Band i San Jose i California. Dei har opna med denne songen på alle konsertane sine sidan 1966.

Jorma Kaukonen gav ut ein versjon i 2002 på albumet Blue Country Heart.

Songen vart spelt inn av Brian Setzer i 2005 for Rockabilly Riot Vol. 1: A Tribute To Sun Records.

Kjelder endre

  1. The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music By Paul Kingsbury, Laura Garrard, Daniel Cooper, John Rumble, Country Music Hall of Fame & Museum (Nashville i Tennessee) Published by Sourcebooks, Inc., 2004 pages 91,480 ISBN 0-19-517608-1, 9780195176087
  2. Books.google.com[daud lenkje] henta 29. september 2016
  3. Paul Kingsbury; Laura Garrard; Daniel Cooper; John Rumble (2004), The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music, Country Music Hall of Fame & Museum (Nashville i Tennessee): Sourcebooks, Inc., s. 91, ISBN 0-19-517608-1 
  4. Kingsbury, Paul (16. desember 2004). The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music (på engelsk). Oxford University Press, USA. ISBN 9780195176087. 
  5. «Obituary: Frank Yankovic». The Independent (på engelsk). Henta 27. mars 2016. 
  6. «VICTOR 78rpm numerical listing discography: V-40000 series». www.78discography.com. Henta 27. mars 2016. 
  7. Nancy's Place For Polkas Arkivert 2018-03-08 ved Wayback Machine., henta 29. september 2016
  8. Al Hirt, Beauty and the Beard Henta 29. september 2016.