Juvente (latin for 'ungdomstid') er ein partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral norsk ungdomsorganisasjon som jobbar for ei rusfri utvikling, fred, toleranse og like rettar for alle. Medlemmane i organisasjonen er i hovudsak mellom 12 og 26 år, og har vald ein edru livsstil.

Juventeflagg

Juvente er engasjert i ruspolitikk og førebygging, driv utviklingshjelp via organisasjonen FORUT, og søker å skape gode ungdomsmiljø i heile landet med lokallag, kurs, samlingar og andre arrangement. Organisasjonen arbeider også for antirasisme og integrering. Organisasjonen driv ulike førebyggingsprosjekt retta mot ulike målgrupper, mellom anna Edruss, som rettar seg mot russ, og Kolon, eit pedagogisk opplegg for ungdomsskuleelevar. Juvente står òg bak den politiske kampanjen Skjenkekontrollen, der dei undersøkjer om daglegvarebutikkar sel alkohol til mindreårige.[1] Tidlegare dreiv Juvente prosjekta Rusfri Diil, KOLON musikkteater (for den vidaregåande skolen) og skoleopplegget Fristil (tidl. Holdning til rusgift / Handling mot rusgift) for niande klasse i grunnskolen.

Historie og tilknytingar endre

Juvente blei stifta 1.-2. juli 1992, som ei samanslåing av Det Norske Totalavholdsselskaps Ungdomsforbund (DNTU, stifta 1924) og Norges Godtemplar Ungdomsforbund (NGU, stifta juni 1909). Juvente fungerer som ungdomsorganisasjon for DNT - Edru Livsstil (tidl. Det Norske Totalavholdsselskap, stifta 29. desember 1859) og IOGT i Noreg (stifta 8. mars 1877). Internasjonalt er Juvente medlem i IOGT International. I Noreg er Juvente medlem i paraplyorganisasjonane Actis (Rusfeltets samarbeidsorgan, tidl. Avholdsfolkets Landsråd) og Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU).

Leiarar endre

 
Adrian Farner Rogne er noverande leiar i Juvente.
  • Ida Oleanna Hagen, Hedmark/Oppland krets, 1992–1993
  • Vigdis Vestby, Hedmark/Oppland krets, 1993–1995
  • Torstein Nybø, Hedmark/Oppland krets, 1995–1997
  • Sten Magne Berglund, Troms krets, 1997–2001
  • Marte Haabeth Grindaker, Hedmark/Oppland krets, 2001–2003
  • Martin Hermstad Løvlien, Nordland krets, 2003–2005
  • Odrun Katrine Bergland, Troms og Ofoten krets, 2005–2007
  • Eivind Marienborg, Hedmark og Oppland krets, 2007–2009
  • Adrian Farner Rogne, Oslo, Akershus og Østfold krets, 2009–2012
  • Amanda Rose Stratford Gamst, Hedmark og Oppland krets, 2012-2013
  • Kristoffer Holm, Hedmark og Oppland krets, 2013-2014
  • Maria Elizabet Aspen, Oslo, Akershus og Østfold krets, 2014-2016
  • Øyvind Kind Robertsen, Troms, Ofoten, Lofoten og Vesterålen krets, 2016-2018
  • Christina Babington, 2018-

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Prosjekter», Juvente (på norsk bokmål), henta 8. desember 2019 

Bakgrunnsstoff endre