Jylland er den delen av Danmark som heng i hop med det europeiske kontinentet. Halvøya Jylland har ikkje noka fastlagd grense mot sør. Alt etter samanhengen kan sørgrensa seiast å vera ved Elben, Ejderen, den dansk-tyske grensa etter 1920 eller ved Kongeå. I Jylland finst mellom anna byane Horsens, Randers, Viborg, Silkeborg, Aarhus og Aalborg. Den sørlege delen av halvøya vert kalla Sønderjylland.

Jylland-halvøya. Raudt er nord for den dansk-tyske grensa. Sør for grensa er Sydslesvig og Holstein, som nokre gonger vert rekna med i Jylland. Nord-Jylland er ei øy for seg sjølv, etter ein flaum i 1825

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jylland
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.