KDEK Desktop Environment – er eit prosjekt med målsetjinga om å skape eit fritt, ope og solid system for eit lett-å-nytte skrivebordsmiljø. Prosjektet arbeider med å gje grunnleggjande verktøy og program for kvardagslege gjeremål, samt lage utviklingverktøy og dokumentasjon for utviklarar slik at dei kan skape nye program. Slik fungerer KDE som ein paraply for fleire små-prosjekt som nyttar KDE-teknologi (til dømes Amarok, K3b, KOffice mm..) KDE er basert på Qt-biblioteket, som er laga av Qt Software som har hovudkontor i Espoo.

KDE


Utgjeve14. oktober 1996
Nyaste versjon6.0.0 (Frameworks) (28. februar 2024)[1]
OperativsystemMultiplattform (Linux, BSD, Solaris, Windows, Mac OS X)
Skrevet iC++
SjangerSkrivebordsmiljø
Typefri programvare
Nettstadhttps://kde.org/

K-en i «KDE» stod opphavleg for «Kool» («C» som i «Cool» var allereie brukt i CDE – Common Desktop Environment), men det gjekk ein bort i frå. Maskoten til prosjektet er ein grøn drake kalla Konqi.

«Konqi» heiter maskoten til KDE

Historie endre

KDE vart starta i 1996 av Matthias Ettrich, som da var student på universitetet i Tübingen. Han tykte at dei grafiske miljøa i UNIX på den tida var altfor dårlege. Ettrich skreiv eit innlegg på Usenet om problemet han hadde med at ingen program såg ut som andre eller fungerte noko særleg saman med andre program. Han foreslo difor å lage noko som ikkje berre var ei samling med program, men eit nytt skrivebordsmiljø, der brukarane kunne forvente at dei ulike elementa hadde eins utsjånad og verkemåte. Han ville òg at det skulle vere lett å bruke – sidan eit av problema hans var at kjærasten ikkje kunne bruke UNIX-maskina. Innlegget, som vart posta til mange ulike nyheitsgrupper, vekte stor interesse, og KDE-prosjektet var dermed i gang.

Ettrich valde å bruke Qt-biblioteket for KDE-prosjektet. I 1997 vart GNU-prosjektet uroleg på grunn av diverse lisensieringsproblem med Qt, noko som førte til at GNOME-prosjektet vart starta av Miguel de Icaza. Qt vart seinare re-lisensiert for å kunne tilby ein alternativ GNU GPL-lisens, noko som i stor grad dempa lisensieringsuroa. GPL-lisensen på eit bibliotek krev likevel at alle program som bruker dette biblioteket òg må vera GPL-lisensiert, og nokre meiner at dette er et problem ettersom proprietær programvare ikkje kan lenkje til KDE sine bibliotek.

Både KDE og GNOME er i dag ein del av Freedesktop.org-prosjektet – eit forsøk på å standardisere UNIX-skrivebordet slik at dei ulike skrivebordsmiljøa kan fungere saman.

Organiseringa av KDE-prosjektet endre

Som mange andre prosjekt for fri programvare, er KDE utvikla i hovudsak på dugnad, sjølv om ein del store føretak, som Novell, Qt Software og Mandriva har tilsette som arbeider med å utvikle KDE. Organiseringa er temmeleg kompleks, ettersom det er så mange som bidreg til KDE-prosjektet på ulike måtar (gjennom utvikling, omsetjing, grafikk etc.). Dei fleste problema som oppstår vert diskuterte på fleire epostlister.

Det finst brukarar og utviklarar over heile verda, men prosjektet har sterke røter i Tyskland. Webtenarane står ved universitetet i Tübingen, og Kaiserslautern, ein tysk velferdsorganisasjon (KDE e.V.) eig varemerket «KDE». KDE-konferansar finn ofte stad i Tyskland.

Viktige KDE-brukarprogram endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. https://kde.org/announcements/.