Kaare Steel Groos
norsk politikar
Kaare Steel Groos (26. oktober 1917–20. februar 1994) var ein norsk jurist og politikar frå Grimstad.
Kaare Steel Groos | |||
Fødd | 26. oktober 1917 Grimstad | ||
---|---|---|---|
Død | 20. februar 1994 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Alle verv |
|
Groos vart utdanna jurist i 1941. Frå 1946 dreiv han eige advokatfirma i Kristiansand til 1961. Sidan var han skule- og sosialrådmann i Kristiansand kommune frå 1962 til 1982.
Groos engasjerte seg i lokalpolitikken og hadde mange verv i sørlands-byen. Mellom anna var han varaordførar frå 1955 til 1957. Perioden 1958-61 var han stortingsrepresentant frå Vest-Agder for Høgre. På Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen til 1959 og seinare Justiskomiteen.