Kadmos var ein gresk sagnfigur og den mytiske grunnleggjaren av oldtidsbyen Theben (Thíva) i Hellas og stamfar til kongedynastiet som er skildra i den tebanske segnkrinsen.

Kadmos sår draketennene av Maxfield Parrish (1908).

Han var son av den fønikiske kong Agenor og dronninga hans, Telefassa. Agenor hadde mista dotter si, Evrope, som altså var syster til Kadmos. Ho var bortført av Zevs, og difor sende han dei tre sønene sine av garde mot vest for å finne henne igjen. Kadmos leitte etter syster si i både Asia, Afrika og Europa, men fann henne ikkje.

Ein gong kom han til Boiotia. Etter ein eventyrleg kamp med ein drake, grunnla han borga Kadmeia, der byen Theben seinare voks fram. Etter at Athene hadde bede han om det, sådde Kadmos tennene til draken, og det voks væpna menn (kalla «drakesæd») opp av marka. Frå éin av desse stamma den tebanske adelen.

Oppfinninga av åkerdyrkinga og bokstavskrifta vart tilskrive Kadmos.

Kjelder endre