Kahlenberg er eit fjell på 484 moh. som ligg i Döbling i Wien i Austerrike. Fjellet ligg i nordaustenden av Alpane, aust for Leopoldberg og vest for Hermannskogel og Reisenberg. Kahlenberg er ein del av naturområdet Wienerwald, og er eit populært utfluktsmål for dagsturar frå Wien. Frå toppen kan ein sjå utover heile byen og delar ar Niederösterreich.

Kahlenberg
fjell
Land  Austerrike
Region Niederösterreich
Fjellkjede Alpane
Høgd 484 moh.
Koordinatar 48°17′N 16°20′E / 48.283°N 16.333°E / 48.283; 16.333
Kart
Kahlenberg
48°16′34″N 16°20′00″E / 48.2761°N 16.3333°E / 48.2761; 16.3333
Wikimedia Commons: Kahlenberg

Slaget ved Wien i 1683, på tysk kalla Schlacht am Kahlenberg, vart utkjempa ved dette fjellet.

Kjelder endre