Kaikoura er ein busetnad på austkysten til SørøyaNew Zealand. Han ligg om lag 180 km nord for Christchurch og høyrer til regionen Canterbury.

Kaikoura
by
Land  New Zealand
Region Canterbury
Distrikt Kaikoura District
Areal 2 046,77 km²
Folketal 2 210 (30. juni 2018)
Kart
Kaikoura
42°24′00″S 173°40′53″E / 42.400011111111°S 173.68135833333°E / -42.400011111111; 173.68135833333
Wikimedia Commons: Kaikōura

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i distriktet 3 730, ein auke frå 3,3 % frå 2001, og utgjorde 0,4 % av innbyggjarane i Canterbury.[1] Byen er administrasjonssenter i distriktet Kaikoura District, som administrativt er ein del av regionen Canterbury. Distriktet har eit areal på 2 046,41 km².

Kaikoura var det første lokalsamfunnet som fekk Green Globe-sertifisering som turiststad.[2]

Geografi endre

Kaikoura Peninsula strekkjer seg ut i sjøen sør for byen, og dei oppstigande sjøstraumane her fører med seg ei overflod av marint liv frå det nærliggjande havdjupet Hikurangi Trench. Byen skuldar grunnlegginga si denne effekten, sidan han vart grunnlagd som eit senter for kvalfangstindustri. Namnet Kaikoura kan omsetjast med «måltid av sjøkreps» ('kai'= mat/måltid, 'koura' = kreps) og fangst av kreps spelar enno ei rolle i økonomien til regionen. Elles har Kaikoura no vorte ein populær turiststad, mest kjend for kvalsafari (Spermkvalsafariar er her kanskje best utvikla i heile verda) og symjing nær eller saman med delfinar. Det er også ein stor og lett synleg koloni av Newzealandsk pelssel (Arctocephalus forsteri) ved den austlege grensa til byen.

Staden er kanskje også ein av dei lettast tilgjengelege stadane i verda der ein kan sjå sjøfuglar som albatrossar, petrellar og lirer, inkludert maorilire som hekkar høgt oppe i fjella ved Kaikoura.[3]

Byen ligg vakkert til under Seaward Kaikoura mountains, ei grein av Søralpane som kjem nær sjøen på denne delen av kysten. Dette har gjort at det er lagt opp fleire ruter for fotturar opp til og over fjella. Ei av dei mest brukte rutene går opp til toppen av Mount Fyffe, der ein har panoramautsikt over Kaikourahalvøya.

 
Fyffe House, drive av New Zealand Historic Places Trust

Mount Fyffe har fått namn etter den første familien som slo seg ned i Kaikoura, Fyffe-familien. Hytta dei busette seg i vart bygd i 1842, står enno, og er ein turistattraksjon driven av New Zealand Historic Places Trust. Konstruksjonen av hytta er uvanleg på den måten at reisverket er gjort av kvalbardar.[4]

Vêrlag endre

  Klimatabell: Kaikoura  
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 20,6°C
69°F
20,0 °C
68 °F
18,8 °C
66 °F
16,6°C
62 °F
14,1 °C
57 °F
11,6 °C
53 °F
10,9 °C
52 °F
11,5 °C
53 °F
13,6 °C
56 °F
15,3 °C
60 °F
16,9 °C
62 °F
19,1 °C
66 °F
15,7°C
60°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 12,8°C
55°F
12,8 °C
55 °F
11,9 °C
53 °F
9,9 °C
50 °F
7,7 °C
46 °F
5,8 °C
42 °F
5,1 °C
41 °F
5,6 °C
42 °F
6,7°C
44 °F
8,2 °C
47 °F
9,8 °C
50 °F
11,7 °C
53 °F
9,0°C
48°F
Gjennomsnittleg total nedbør 47 mm
1,85 "
59 mm
2,32 "
92 mm
3,62 "
81 mm
3,19 "
71 mm
2,8  "
75 mm
2,95 "
80 mm
3,15  "
78 mm
3,07 "
70 mm
2,76 "
74 mm
2,91 "
60 mm
2,36 "
54 mm
2,13 "
844 mm
33,23 "
Kjelde: Niwa Science climate data

Transport endre

Kaikoura ligg ved State Highway 1. Byen har også ei lita flystripe med fast dekke seks km sør for bysentrum. Flystripa er for ein stor del nytta av turistflygingar på kvalsafari, og kan også nyttast av små privatfly og charter-flygingar. To gonger i veka er det flyrute til og frå Wellington.

Jarnveg endre

Main North Line på New Zealand, den nordlege delen av South Island Main Trunk Railway, går gjennom Kaikoura. På grunn av det kuperte terrenget nord og sør for byen vart jarnvegen først opna 15. desember 1945, sytti år etter at linja frå først av var planlagd.

Frå Kaikoura er det fjerntog som bind saman byen med Christchurch i sør, og Picton og ferjene over Cooksundet i nord. Kaikoura stasjon var den siste jarnvegsstasjonen på New Zealand som hadde servering for passasjerar. Denne vart lagt ned i 1988 då ekspresstoga starta med servering om bord.

Det går òg godstog gjennom byen. Dei fraktar gods mellom skiftetomtene ved Middleton i Christchurch og jarnvegsferjene i Picton.

Referansar endre

  1. Quick Stats about a Place, Statistics New Zealand
  2. «Green Globe». Kaikoura District Council. Henta 1. februar 2010. 
  3. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York, London, Delhi: Rough Guides. s. 620, 623-624. ISBN 1-84353-679-X. 
  4. «Fyffe House at the New Zealand Historic Places Trust». Henta 1. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

42°25′S 173°41′E / 42.417°S 173.683°E / -42.417; 173.683