Kain (hebraisk קַיִן‎‎, qajin) er ein bibelsk person som var den eldste sonen til Adam og Eva.[1]

Kain

'Kain etter å ha drepe broren sin Abel'. Statue av Henri Vidal frå 1896.
Opptrer iCain, Cain, Children of Eden, 1. Mosebok 4
Identifisert medCain in Islam
Landingen verdi
MorEva
FarAdam
EktefelleAclima, Awan
BarnHenok

Kain utførte ifølgje Bibelen og det fyrste mordet i historia då han drap bror sin Abel, ettersom Gud hadde halde offergåva frå Abel høgast. Gud forbanna Kain, og han flykta til landet Nod. Han måtte gå i ørkenen resten av livet, men på fordi han var redd for å verte drepen av personar på vegen, gav Gud han eit merke som skulle vise at dei skulle halde seg unna han.

Han var jorddyrkar, medan broren var gjetar. Kain vert rekna som stamfar for kenittane, og som kulturideal for smedar og musikarar. Sønene til etterkomaren hans, Lemek, var Jabal, som vart stamfar for alle som budde i telt og dreiv buskap, Jubal, som vart stamfar for alle som brukte harpe og pipe, og Tubal-Kain, som vart stamfar til alle kopar- og jernsmedar.

Frå Egypt i antikken har ein teke vare på ei forteljing som er kalla Myten om dei to brørne, der handlinga og aktørane er like.

Kjelder endre

  1. «Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain.» – 1 Mos 4,1.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kain