Kakelinne, også kalla lefsetøvêret, lefsetøyra eller bryggjardøgri, er ei nemning som vart brukt om ein mildvêrsperiode som ofte kom i desember. Tidlegare vart det sagt at dette mildvêret kom av all fyringa i samband med steiking av julekakene, og det vart naturleg nok varmast heilt i slutten av julestrida, ved tomasmesse.

Årsaka til éin eller fleire mildvêrsperiodar er naturleg. Det er vanleg at temperaturen stig forbigåande éin eller fleire gonger i løpet av desember. Det er slik at november, desember og nokre gonger litt av januar er ein overgangsperiode der atmosfæren forsøkjer å stille seg om frå haust til vinter. Dette inneber ein del forskyvingar mellom mild luft frå sørvest og kald luft som vert danna over kontinenta og Arktis.

Sjå òg endre

Kjelder endre