Kalaripayattu er ein kampidrett frå Sør-India som omfattar slag, spark, nærkamp, våpenbruk og læking.[1] Han blir ofte omtalt som ein av dei eldste kampteknikkane i verda.[2] Den eldste dokumentasjonen av teknikken er frå 1000- eller 1100-talet, då han ifølgje historikaren Elamkulam Kunjan Pillai kan ha oppstått som følgje av langvarige krigar mellom Tsjera- og Tsjolariket.[1]

Tradisjonelt kjerneområde for teknikken er nordlege og sentrale Kerala og Tulunadu i den noverande delstaten Karnataka. I dag er han særleg utbreidd i Kerala, Tamil Nadu og blant utøvarar av indisk opphav i Malaysia.[1] Ei nordleg form av kalaripayattu blei særleg utført av nairfolk, medan den sørlege forma er knytt til nadar- og konarfolk.

Trening endre

 
Gutar på kalarippayattu-trening.
 
Kalarippayattu-positur.
 
Kroppskontroll er viktig i kalarippayattu.

Ein byrjar typisk å trena kalarippayattu i sjuårsalderen. Treninga har fire fråskilde fasar med ulikt innhald. Meippayatt eller meiotukkappayatt går ut på å læra seg kroppskontroll og å bli kvikk og smidig gjennom ulike øvingar. I neste fase, koltari, lærer ein å slost med trevåpen. Deretter lærer ein å bruka våpen av metall i ankatari, før ein i den siste fasen lærer seg å kjempa utan våpen i verumkai prayogam.[2]

Kalarippayattu i kulturen endre

Teknikkar frå kalarippayattu blir brukt innan fleire lokale danseformer, som kathakali.[1]

Kampteknikken har blitt brukt i indisk film, som i kannadafilmen Ondanondu kaladallii (1979), tamilfilmen Indian (1996) og hindifilmen Asoka (2001). Han blei også brukt i hongkongfilmen The Myth (2005) med Jackie Chan og Mallika Sherawat og i den europeiske filmen The Last Legion (2007) av Doug Lefler, med Colin Firth og Aishwarya Rai.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Zarrilli, Phillip B. (1998). When the Body Becomes All Eyes: Paradigms, Discourses and Practices of Power in Kalarippayattu, a South Indian Martial Art. Oxford: Oxford University Press.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 «Kalaripayattu - one of the oldest martial arts», Information & Public Relations Department, Kerala, kerala.gov.in
  3. Rohit Vats, «Why Bollywood is crazy about 'Kalaripayattu'» (Apr 10, 2013) IBNlive.com
  Denne idrettsartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.