Kaldmathøgtida er ei austasiatisk feiring markert i Kina, Korea og Vietnam. Ho finn stad like før den klare og lyse høgtida (qingming), og er ei vårhøgtid der ein feirar nytt liv. Bortsett frå i skotår ligg høgtida på den 5. april i den vestlege kalenderen, den 105. dagen etter vintersolkverv (dongzhi).

Namnet på høgtida viser til at ein tradisjonelt ikkje gjorde opp eld då, og berre åt kald mat. Det kinesiske namnet på høgtida er hánshíjié (pinyin, 寒食節 på tradisjonelt og 寒食节 på forenkla kinesisk). På koreansk er ho kjend som hansik og på vietnamesisk som Tết Hàn Thực.

Kjelder endre