Kalori er ei eldre måleining for energi med symbol cal, som svarar til 4,184 joule. Namnet kjem frå latin calere (å vere varm). Vanlegvis blir mengda oppgjeve i kilokaloriar (kcal) på matvareetikettar. I daglegtale er det vanleg å lese kcal som «kaloriar». Men i røyndomen blir dette like feilaktig som å lese km som meter, sidan 1 kcal = 1000 gonger energimengda i 1 cal. Ein kilokalori vart ein periode kalla storkalori med symbol Cal.

Omgrepet kalori skriv seg tilbake til tida då ein oppfatta varme som eit eige stoff, kalla kalorikk eller flogiston. Etter at ein påviste at varme var ei form for energi (kring 1850), heldt ein fram å nytte eininga kalori og kalla omrekningsfaktoren frå cal til ein mekanisk energieining for den mekaniske ekvivalenten til varmen.

Kalori er ikkje ei SI-eining, og er i ferd med å bli fasa ut til fordel for SI-eininga joule.

Definisjon endre

Ein kalori er den energimengda som skal til for å heve temperaturen av éitt gram vatn éin kelvin, ved eit trykk på éin atmosfære.

Mengda varme som trengst er avhengig av temperaturen til vatnet frå utgangspunktet, noko som fører til fleire ulike definisjonar av kalori, kvar av dei tilsvarande ei noko ulik energimengd. Den mest brukte definisjonen er at ein kalori svarar til 4,1868 Joule.

Kalori blir brukt særleg, av historiske årsaker, til å oppgje energi i matvarer. I samband med mat nyttar ein som oftast kilokaloriar (symbol kcal).

Posen til eit 250 gram potetchips inneheld typisk kring 1 350 000 cal, dvs 1350 kcal. Dette er nok energi til å auke temperaturen på 13,5 liter vatn frå 0 til 100 grader Celsius.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kalori