Republic of Cameroon
République du Cameroun

(norsk: Kamerun, kamerunsk)

Det kamerunske flagget Det kamerunske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Chant de Ralliement»
Motto Fransk: Paix, Travail, Patrie, Engelsk: Peace, Work, Fatherland
(Fred, Arbeid, Fedreland)
Geografisk plassering av Kamerun
Offisielle språk Engelsk og fransk
Hovudstad Yaoundé
Styresett
Republikk
Paul Biya
Philémon Yang
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
475 440 km² (53.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
24 994 885 (52.)
52,6 /km² (126.)
Sjølvstende

  - Dato
Frå Frankrike og Storbritannia
1. januar 1960
Nasjonaldag 20. mai (Republikkens dag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
72 110 mill. USD (94.)
3 400 USD (155.)
Valuta CFA-franc (XAF)
Tidssone UTC +1
Telefonkode +237
Toppnivådomene .cm


Kamerun er ein stat i Sentral-Afrika, som har kyst mot Biafrabukta i Guineabukta og grensar til Nigeria i vest og nordvest, Tsjad i nord og aust, Den sentralafrikanske republikken i aust og Kongo-Brazzaville, Gabon og Ekvatorial-Guinea i sør.[1]

Landet har kring 27 millionar innbyggjarar (est. 2021) som høyrer til rundt 200 ulike folkegrupper. Dei fleste talar bantuspråk.[1]

Kamerun blei oppretta som sjølvstendig stat i 1961. Det var tysk koloni frå 1884 til 1919, og var deretter under delt fransk og britisk kontroll.[1]

Namn endre

Namnet «Kamerun» stammar frå eit eksonym gjeve til Wourielva av portugisarar, som kalla henne Rio dos Camarões eller 'rekeelva'. Elva hadde då store mengder av rekearten Lepidophthalmus turneranus.[2][3] Det portugisiske namnet på landet er framleis Camarões. Nemninga blei utvida til å omfatta fjellandskapet rundt elva, og i 1884 tok dei tyske kolonimaktene i bruk «Kamerun» som namn for heile protektoratet sitt her.[4]

Geografi endre

 
Krater ved Kamerun-fjellet (Mont Cameroun).
 
Vulkanske steinsøyler ved Rhumsiki i Extrême Nord Province.

Kamerun ligg tett på ekvator, noko som gjev høge og jamne temperaturar. Ved kysten finst det regnskog. Nordaust i landet er det gold savanne, lenger sør i det sentrale Kamerun ligg det høgland med mange fjell. Den sørlege delen er hovudsakleg slettelandskap.

Frå det høgaste fjellet i landet, det vulkanske Kamerunfjellet (Mont Cameroun) på (4 095 meter ved kysten, strekker det seg ei uregelmessig kjede av fjell, høgdedrag og platå nesten heilt til Tsjadsjøen i den nordlege enden av landet. Denne regionen har eit mildt klima, særleg på den vestlege høgsletta, sjølv om det fell mykje nedbør. Jordsmonnet her er blant det rikaste i Kamerun, særleg rundt det vulkanske Kamerun-fjellet. Vulkanske utbrot her har danna kratersjøar. 21. august 1986 førte eit utslepp av karbondioksid frå ein av desse sjøane, Nyossjøen, til at mellom 1 700 og 2 000 menneske omkom.

Cameroon har fire ulike dreneringsområde.[4] I sør er hovudelvene Ntem, Nyong, Sanaga og Wouri. Desse renn sørvest- eller vestover ut i Guineabukta. Dja og Kadéï renn søraustover og ut i Kongoelva. I Nord-Kamerun renn Bénouéelva nord og vest til ho renn ut i Nigerelva. Logone renn nordover og ut i Tsjadsjøen, som Kamerun delar med tre naboland.[5]

Klima endre

Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske vêrregime. Det er få stader i verda som kan få så mykje nedbør som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg vind vert pressa opp av fjella (orografisk heving) i Kamerun og nabolanda. Den årlege nedbørsnormalen i Douala er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust regnar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Yaoundé har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg vind og klår himmel.

Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i Sahelområdet. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behagelege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før han sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.

Historie endre

 
Joseph Merrick (her vist ved ei isubugravferd i 1845) var ein jamaicansk baptistisk misjonær som skipa ei kyrkje blant isubufolk ved kysten.

Området dagens Kamerun ligg i blei fyrst folkesett i yngre steinalder. Folkegrupper som har vore busette i området lengst er pygméfolk, som baka.[6] Saokulturen oppstod kring Tsjadsjøen rundt år 500. Han la grunnen for Kanemriket og etterfølgjaren Bornuriket. I vest oppstod det kongerike og høvdingdøme.

Portugisiske sjømenn nådde kysten i 1472. Dei merka seg dei store mengdene av reker og krepsdyr i elva Wouri, og kalla henne Rio dose Camarões, portugisisk for 'Rekeelva'. Dette gav seinare namnet Kamerun.[7] Dei neste hundreåra dreiv europeiske interesser regelmessig handel med kystbefolkningane, og kristne misjonærar drog innover i landet. På byrjinga av 1800-talet leia Modibo Adama fulanisoldater i eit jihad i nord mot ikkje-muslimske og delvis muslimske folk, og grunnla Adamawa-emiratet. Bufastea folk flykta frå fulaniane, og det fann stad ei stor folkeomflytting.[8]

Det tyske keisardømet gjorde krav på territoriet som kolonien Kamerun 1884, og starta ei stadig framrykking innover i landet i det som blei til kolonien Tyske Kamerun. Dei byrja prosjekt for å betra infrastrukturen i kolonien, med hjelp av ein hard bruk av tvangsarbeid.[9] Etter at Tyskland tapte fyrste verdskrigen blei Kamerun eit NF-mandatområde og blei delt i Fransk Kamerun, Cameroun (Austkamerun) og Britisk Kamerun, Cameroons (Vestkamerun) i 1919. Franskmennene integrerte forsiktig fransk kamerunsk økonomi med den til Frankrike, og forbetra infrastrukturen med kapitalinvesteringar, utdanna arbeidskraft og fortsett bruk av tvangsarbeid.[10][9] Britane administrerte territoriet sitt frå nabolandet Nigeria. Dei infødde klaga over at dette gjorde dei til ein forsømd «koloni av ein koloni». Det kom mange nigerianske arbeidsvandrarar til sørlege britiske Kamerun. Dette gjorde slutt på tvangsarbeidet, men opprørte dei innfødde folka der.[11] NF-mandata blei gjort om til forvaltarskapsområde under SN i 1946, og spørsmålet om sjølvstende blei vekt i Fransk Kamerun.[10] Frankrike forbaud det mest radikale politiske partiet, Union des Populations du Cameroun (UPC), den 13. juli 1955. Dette forårsaka ein langvarig geriljakrig og drapet på partileiaren Ruben Um Nyobé.[12] I Britisk Kamerun var spørsmålet om ein skulle gjenforeinast med Fransk Kamerun eller bli del av Nigeria.

 
Ahmadou Ahidjo kom til Washington, D.C. i juli 1982.

Etter andre verdskrigen auka uroa i den franske delen, og førte etterkvart til at Frankrike og SN gav landet sjølvstende 1. januar 1960 under president Ahmadou Ahidjo. Den 1. oktober 1961 blei landet gjenforeint med det tidlegare britiske sørlege Kamerun etter ei folkeavstemming, og danna Forbundsrepublikken Kamerun. Den tyske kolonien hadde likevel vore større enn det nye landet Kamerun. Delar av han ligg i dagens Nigeria, Tsjad, Sentralafrika og Gabon. Ahidjo utnytta den pågående krigen mot UPC og redsle for etniske konfliktar til å konsentrera makta til presidentposten, og heldt fram med dette òg etter at UPC var blitt slått ned i 1971.[12] Partiet hans, Cameroon National Union (CNU), blei det einaste lovlege partiet i landet frå 1. september 1966, og i 1972 blei det føderale systemet avskaffa til fordel for ein einingsstat som blei styrt frå Yaoundé.[13] Ahidjo følgde ein økonomisk politikk med "planlagd liberalisme", der han prioriterte kommersielt jordbruk og oljeutvinning. Regjeringa nytta oljepengar for å skapa ein statleg valutareserve, betala bønder og finansiera større utviklingsprosjekt. Mange initiativ slo feil, ettersom Ahidjo tilsette ukvalifiserte allierte til å driva dei.[14]

Ahidjo gjekk av 4 november 1982 og gav makta til etterfølgjaren sin etter grunnlova, Paul Biya. Abidjo heldt likevel på kontrollen over CNU, og prøvde styra landet frå kulissane fram til Biya og hans allierte fekk han til å gå av. Biya byrja regjeringstida si med å retta seg mot eit meir demokratisk styre, men eit mislykka statskupp førte han meir i retning mot leiingsstilen til føregangaren sin.[15] På midten av 1980-talet til slutten av 1990-talet var landet i økonomisk krise som ei følgje av internasjonale økonomiske vilkår, tørke, fallande oljeprisar og mange år med korrupsjon og misskjøtsel. Kamerun vende seg til utanlandsk bistand, skar ned på statlege utgifter og privatiserte industriar. Det blei innført fleirpartisystem i desember 1990. Etterkvart etterspurde engelskspråkleg aktivistgrupper større sjølvstyre, og nokre ville ha fullstendig sjølvstende som Republikken Ambazonia.[16]

Landet har i allmennheit vore stabilt, noko som har gjort det mogleg å utvikla jordbruk, vegar, jernbaner og petroleumsindustri. Etter at Kamerun i nyare år er blitt noko meir demokratisk, ligg den politiske makta framleis hjå eit etnisk oligarki.[17]

Folkesetnad endre

Demografi endre

Statistikk endre

I 2005 rekna ein med at Kamerun hadde 17 795 000 innbyggjarar.[18] På 15 år, til 2020, hadde befolkninga auka med cirka 10 millionar til 27 744 989.[19] Ifølgje opplysingar frå 2020 var befolkninga ung, kring 42,3 % var under 15 år, og 96,9 % var under 65 år. Same året blei fødselstalet anslått til 36,3 fødde per 1 000 innbyggarar, og dødstalet til 8,1 per 1 000 innbyggarar. Kvar kvinne fødde i gjennomsnitt 4,66 barn. Den forventa levealderen var 62,3 år (60,6 år for menn og 64 år for kvinner).[19]

Folkesetnaden i Kamerun er nesten jamt fordelt mellom bybefolkning og landsbybefolkning.[20] Folketettleiken er høgast i storbyane, i høglanda i vest og på sletta i nordaust.[21] Dei største byane er Douala, Yaoundé og Garoua. Adamawahøglandet, søraustlege Benuesenkinga og størsteparten av høglandet i Sør-Kamerun er derimot grisgrendte.[22] Mange folk frå dei overbefolka høglanda i vest og den uutvikla nordre delen flyttar til kystområdet og byane for å få arbeid.[23] Det finn også stad mindre flyttingar når folk søkjer arbeid ved sagbruk og plantasjar i sør og aust.[24] Kjønnsfordelinga i landet som heilskap er ganske jamn, men dei fleste utflyttarane er menn, noko som fører til ubalansert kjønnsfordeling i visse område.[25]

Medianalderen til befolkninga var 18,5 år i 2020.[19]

Minoritetar endre

 
Medlemmer av tikargrupper, som denne familien, lever gjerne i provinsen Nord-Ouest/Northwest.

Minoritetsgrupper i landet er: Kamerunske høglandsfolk 31 %, ekvatorial-bantu 19 %, kirdi 11 %, fulaniar 10 %, nordvest-bantufolk 8 %, aust-nigrittar 7 %, andre afrikanske grupper 13 %, ikkje-afrikanarar mindre enn 1 %.[17]

Ifølgje ulike opplysingar finst det mellom 230 og 282 ulike etniske og språklege grupper i Kamerun.[26][27] I store drag blir desse skilde av Adamawahøglandet i ein nordleg og ein sørleg del. Dei nordlege folka er sudanesiske folkegrupper som bur i dei sentrale høglanda og dei nordre låglanda, og fulaniar, som er spreidde over heile nordre Kamerun. Eit lite tal shuwa-arabarar bur nær Tsjadsjøen. Sørlege Kamerun er folkesett av folk som talar bantuspråk og semibantuspråk. Bantutalande grupper bur i kyst- og ekvatorområda, medan talarar av semibantuspråk bur på grasslettene i vest. Kring 5 000 pygmear vandrar rundt i regnskogområda i søraust og ved kysten, eller bur i små busetnader ved vegkantar.[28]

Migrasjon endre

Krigen i Den sentralafrikanske republikken har drive meir enn 20 000 flyktningar til provinsane Adamaoua og Est sidan 2002, og kidnappingar av kamerunske borgarar av sentralafrikanske bandittar har auka sidan 2005.[29][30] Nigerianarar, særleg igbofolk, utgjer den største gruppa utlendingar.[31]

Språk endre

Kamerun har om lag 280 ulike språk,[32] som høyrer til språkfamiliane nigerkongo-språk, afroasiatiske språk og nilosahariske språk. Språka i landethøyrer til 24 større afrikanske språkgrupper, tillegg har ein dei tidlegare kolonispråka fransk og engelsk. Berre desse to språka har offisiell status. I dei tre nordlegaste regionane er fulfulde viktigaste lingua franca, i resten av landet det engelskbaserte pidginspråket wescos.

Dei europeiske språka som blei innførte i kolonitida har skapt ei språkleg kløft mellom den engelskspråklege femtedelen av befolkninga som bur i provinsane Northwest og Southwest og det franskspråklege landet elles.[33] Både engelsk og fransk er offisielle språk. Kamerunsk pidginengelsk er vanlegast som lingua franca, særleg i dei tidlegare britiskadministrerte territoria.[34] Ei blanding av engelsk, fransk og pidgin som blir kalla camfranglais har fått auka popularitet i byar sidan midten av 1980-talet.[35]

Religion endre

Religiøs tilhøyre i landet er fordelt omtrent slik: Innfødde religionar 40 %, kristne 40 %, muslimar 20 %.[17]

Kristendom og islam er dei største religionane i Kamerun. Offisielt har befolkninga cirka 70 % kristne (der cirka halvparten tilhøyrer den katolske kyrkja), 21 % muslimar og 6 % animistar. Det finst også mindre grupper av bahaiar, jødar og sekulære.[36]

Muslimane tilhøyrer framfor alt dei nordlege folkegruppene, som fulanifolket. Protestantar finst særleg i dei engelskspråklege områda i Vest-Kamerun, medan katolikkane har det sterkaste festet sitt i dei franskspråklege områda i sør.

Tilhengarar av tradisjonell afrikansk religion og animisme er særleg konsentrerte på landsbygda, der desse finst i mange lokale variasjonar. I sørvestlege Kamerun utøver ein jengukulten, medan mange innanfor beti-pahuinfolket, i regnskogsområda, er bwititruande. Offisielt har ein religionsfridom i landet, men det er forbode å utøva «trolldom», og mistenkte heksr blir ofte utsette for vald.[37]

Sosiale tilhøve endre

 
Musgumheim i provinsen Extrême nord, tilverka av jord og gras.

Det finst både monogame og polygame ekteskap i landet, og den kamerunske gjennomsnittsfamilien er stor.[38] I nord har kvinner ansvar for heimen, medan menn tek seg av husdyr eller jobbar som jordbrukarar. I sør dyrkar kvinnene maten til familien, medan mennene produserer kjøt og dyrkar kommersielle avlingar. Samfunnet i Kamerun er mansdominert, og vald og diskriminering mot kvinner er vanleg.[39][40][41] Ved byrjinga av puberteten blir kring 26 % av jentene utsette for «bryststryking», som inneber at brystet deira blir banka eller massert med oppvarma gjenstandar fordi ein meiner det vil hindra dei frå å bli utvikla. Formålet er å hindra jentene frå å bli seksuelt aktive for tidleg, og å verna dei frå seksuelle overgrep.[42] Kvinneleg kjønnslemlesting blir utøvd i delar av provinsane Extrême Nord/Far North og Sud-Ouest/Southwest.[43]

Helse endre

Spedbarnsdødelegheiten var 5,15 % i 2020.[19]

Blant dei endemiske sjukdommane er denguefeber, filariasis, sandmyggfeber, malaria, hjernehinnebetennelse, bilharzia og sovesjuke.[44] Blant folk i alderen 15-49 blir 5,4 % rekna å ha HIV/AIDS, men eit sterkt stigma mot sjukdommen gjer talet på rapporterte tilfelle unaturleg lågt.[45][46]

Byar endre

For meir om dette emnet, sjå Byar i Kamerun.
 
Motiv frå den kamerunske hovudstaden, Yaoundé.

Over halvparten av innbyggjarane i Kamerun bur i byar. Folketettleiken er høgast langs delar av kysten, dei vestlege høglanda, Nord-Kamerun og skogen i sør, og lågast i søraust.[4]

Dette er dei største byane i landet, etter innbyggjartal:

  1. Douala - 1 310 400
  2. Yaoundé - 1 187 100
  3. Garoua - 411 100
  4. Kousséri - 333 300
  5. Bamenda - 327 000
  6. Maroua - 299 600
  7. Ngaoundéré - 185 700
  8. Bafoussam - 180 200
  9. Bertoua - 152 800
  10. Loum - 137 100

Regionar endre

 
Politisk kart over Kamerun

Kamerun er delt inn i 10 regionar, som vist i tabellen under. Kvar region er delt inn i fleire departement.[1]

 
Regionane i Kamerun med tal.
Kamerunske provinsar med hovudstader og viktigaste offisielle språk
Region
(fransk namn)
Region
(engelsk namn)
Hovudstad Folketal (1987) Flatevidd
i km²
Folketettleik
per km²
Viktigaste
offisielle
språk[47]
Departement
1 Adamaoua Adamawa Ngaoundéré 495 185 63 691 8 fransk 5
2 Centre Centre Yaoundé 1 651 600 68 926 24 fransk 10
3 Est East Bertoua 517 198 109 011 5 fransk 4
4 Extrême-Nord Far North Maroua 1 855 695 34 246 54 fransk 6
5 Littoral Littoral Douala 1 352 833 20 239 67 fransk 4
6 Nord North Garoua 832 165 65 576 13 fransk 4
7 Nord-Ouest Northwest Bamenda 1 237 348 17 812 69 engelsk 7
8 Ouest West Bafoussam 1 339 791 13 872 97 fransk 8
9 Sud South  Ebolowa 373 798 47 110 8 fransk 4
10 Sud-Ouest Southwest  Buéa 838 042 24 571 34 engelsk 6

Økonomi og infrastruktur endre

BNP per kapita i Kamerun blei rekna til 2 421 amerikanske dollar år 2005, ein høg verdi for eit afrikansk land.[48][49]

Arbeidsløysa som blei estimert til 30 % i 2001 hadde minska til 4,3 % i 2014.[19] Rundt 48 % av befolkninga levde under fattigdomsgrensa i 2000.[17] Sidan slutten av 1980-talet har Kamerun følgt program lagt fram av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) for å avgrensa fattigdommen, privatisera industriar og auka den økonomiske veksten.[50]

Kamerun har oljeførekomstar og gunstige jordbrukstilhøve, og har derfor gode økonomiske føresetnader. Landet har likevel mange av dei same problem som kjenneteiknar underutvikla land.[17] Inntektsskilnadene mellom høginntekts- og låginntekstfolk er store, ginikoeffisienten låg på 44,6 i 2001.[17]

Næringsliv endre

Jordbruk, skogbruk og fiske endre

Kring 70 % av befolkninga er jordbrukarar, og jordbruk var rekna for å utgjera 44,3 % av BNP i 2006.[17] Det meste av jordbruket blir utført for eigne behov av lokale jordbrukarar som nyttar enkle reiskapar. Dei sel overskotsproduksjonen sin, og nokre har særskilde åkrar for kommersiell bruk. Bysentruma er særskild avhengige av jordbruket for tilgang på næringsmiddel.[51] Jordsmonnet og klimaet ved kysten gjer utbreidd kommersiell dyrking av bananar, kokos, oljepalmar, gummi og te mogleg. Inne i landet, i høglandet sør i Kamerun, dyrkar ein kommersielle avlingar som kaffi, sukker og tobakk. Kaffi er ei viktig avlingi høglanda i vest. I nord passar naturtilhøva vekstar som bomull, jordnøtter og ris. Kamerun er avhengig av jordbrukseksport, noko som gjer landet sårbart for prisendringrar på jordbruksprodukt.

 
Ein fulanigjetar passa nautet sitt i nordre Kamerun.

Det blir halde husdyr i heile landet. Fiske sysselset kring 5000 personar, og gjev 2000 tonn føde i året.[52] Viltkjøt, også kalla bushmeat, var lenge vanleg føde for kamerunarar på landet, men er i dag ein delikatesse i byane. Handel med kjøt frå ville dyr har no overgått avskoging som det største trugsmålet mot dyrelivet i Kamerun.[53]

Regnskogen i sør har store mengder tre, som blir rekna til å dekka 37 % av den totale overflata i landet.[54] Store delar av skogen er vanskelege å nå. Tømmerhogst, som i stor grad blir forvalta av utanlandskeigde føretak, gjev styresmaktene 60 millioner dollar i året, og lovverket gjev rett til sikker og berekraftig utvinning av tre. Likevel er denne industrien i praksis ein av de minst regulerte i Kamerun.[55][56]

 
Fiske er ei stor næringsgrein i Kamerun. Denne reka blei fanga ved Limbe i 2007.

Energi og råvarer endre

Naturresursar i Kamerun er mellom anna petroleum, tømmer, vasskraft, bauksitt og jernmalm.[17] Naturresursane er betre eigna for jordbruk og skogbruk enn for industri.

Petroleumutvinninga har gått tilbake sidan 1985, men det er stadig ein såpass viktig sektor at prisfall har sterk effekt på økonomien.[17][57] Straumar og fossefall utgjer hinder for elvane i sør, men gjer òg høve til utvikling av vasskraft og står bak det meste av elektrisitetstilførsla i Kamerun.[49] Elva Sanaga har det største vasskraftkraftverket, som ligg ved Edéa. Resten av elektrisiteten i landet kjem frå oljedrivne varmemaskiner.[58] Ein stor del av landet har stadig ingen påliteleg tilgang på elektrisitet.[59]

Industri endre

Fabrikkbasert industri stod for eit antatt 15,7 % av BNP i 2006.[17] Meir enn 75 % av den industrielle styrka i Kamerun ligg i Douala og Bonabéri.[60] Kamerun har store mineralressursar, men desse blir ikkje vunne ut i større omfang.[50]

Tenestenæringar og turisme endre

Turisme er ei aukande næringsgrein, særleg i kystområdet, kring Kamerunfjellet og i nord.[61]

Handel endre

Nokre av dei viktigaste eksportmarknadene er Frankrike, Italia, Sør-Korea, Spania og Nederland.[17] Kamerun er medlem i Banque des Etats de l'Afrique Centrale og Den sentralafrikanske økonomiske og monetære fellesskapen (CEMAC). Valutaen i landet er CFA-franc. Byråkrati, høge skattar og korrupsjon har dempa veksten til den private sektoren.[62]

Infrastruktur endre

Transport endre

 
Ein bushtaxi prøver å passera eit stillaståande tømmerkjøretøy på vegen mellom Abong-Mbang og Lomié i provinsen Est/East.

Transport i Kamerun er ofte vanskeleg. Vegane er dårleg vedlikehaldne og blir dårlegare ved vekslande vêr, ettersom berre 10 % av dei er asfalterte.[63][17] Vegsperringar har ofte ikkje anna formål enn å la politi samla inn muter frå reisande.[64] Landevegsbandittar har lenge ramma transport ved dei austre og vestre grensene, og frå 2005 har problem auka i aust etterkvart som Den sentralafrikanske republikken har blitt meir destabilisert.[30]

Jernbanenettet strekker seg frå Kumba i vest til Bélabo i aust og nordover til Ngaoundéré.[65]

Det finst internasjonale lufthamner i Douala og Garoua og ei mindre lufthamn ved Yaoundé. Munningen til elva Wouri gjev ei hamn til Douala, som er den viktigaste hamnebyen i landet. I nord er Benueelva farbar sesongvis frå Garoua over til Nigeria.[65]

Post, telefoni og internet endre

Kommunikasjonsmiddel, som landbaserte telefonar og telegrafar, er i stor grad under statleg kontroll. Mobiltelefoninettverk og internettleverandørar har auka dramatisk sidan byrjinga av 2000-talet, og er i stor grad uregulerte.

Massemedium endre

Sjølv om trykkefridommen i landet har betra seg sidan byrjinga av 2000-talet er pressa korrumpert og avhengig av særinteresser og politiske grupperingar.[65] Aviser driv rutinemessig sjølvsensur for å unngå dårleg merksemd frå styresmaktene.[39] Dei største radio- og TV-stasjonane er statlege.[66]

Kultur endre

Massemedium endre

Sjølv om trykkefridommen i landet har betra seg sidan byrjinga av 2000-talet er pressa korrumpert og avhengig av særinteresser og politiske grupperingar.[65] Aviser driv rutinemessig sjølvsensur for å unngå dårleg merksemd frå styresmaktene.[39] Dei største radio- og TV-stasjonane er statlege.[67]

Kunstartar endre

Musikk og dans endre

 
Bakadansarar tek imot vitjande til provinsen Est.

Musikk og dans er ein viktig del av kamerunske seremoniar, festivalar, sosiale høve og historieforteljing.[68] Tradisjonelle dansar er strengt koreograferte og skil menn frå kvinner, eller har forbod for eit av kjønna frå å delta.[69] Formåla til dansane varierer frå rein underhaldning til religiøs ærbødigheit.[70] Tradisjonelt er musikk blitt formidla munnleg. I ei typisk framføring følgjer ei gruppe ein solist.[71] Det musikalske akkompagnementet kan vera så enkelt som klapping eller tramping, men tradisjonelle instrument er mellom anna klokker som dansarane har på seg, klappepinnar, trommer og talande trommer, fløyter, trompetar, skramler, strengeinstrument, fløyter og xylofonar.[72] Nøyaktig samansetjing varierer etter etnisk gruppe og region. Nokre songarar syng fullstendige songar sjølve, akkompagnert av eit harpeliknande instrument, som ein mvet.[71][73]

Populære musikkstilar er mellom anna ambasse bey ved kysten, assiko blant bassafolk, mangambeu blant bangangtefolk og tsamassi blant bamilekefolk.[74] Nigeriansk musikk har påverka engelskspråklege kamerunske artistar, og Prince Nico Mbarga sin highlife-hit «Sweet Mother» er den mest selde afrikanske låten nokonsinne.[75] Dei to mest populære stilane er makossa og bikutsi. Makossa blei utvikla i Douala og blandar folkemusikk, highlife, soul og soukous. Artistar som Manu Dibango, Francis Bebey, Moni Bilé og Petit-Pays populariserte stilen over heile verda på 1970- og 1980-talet. Bikutsi var opphavleg krigsmusikk blant ewondofolk. Artistar som Anne-Marie Nzié utvikla det til ein populær dansemusikk på byrjinga av 1940-talet, og seinare artistar som Mama Ohandja og Le Têtes Brulées populariserte stilen internasjonalt på 1960-, 1970- og 1980-talet.[76]

Biletkunst endre

 
Kvinne som vever ei korg nær Ossasjøen i provinsen Littoral. I heile Kamerun blir det utøvd slikt handverk.

Tradisjonell kunst og handverk blir utøvd over heile landet for kommersielle, dekorative og religiøse formål. Treskjeringar og skulpturar er særleg vanlege.[77] Den høge kvaliteten på leiren frå høglanda i vest gjer han eigna til pottemaking og annan keramikk.[70] Andre handverk er mellom anna korgveving, perlearbeid, messing- og bronsearbeid, utskjering og måling av kalebassar, broderi og lêrarbeid.

Litteratur endre

Kamerunsk litteratur og film har følgd både europeiske og afrikanske tema. Forfattarar i kolonitida, som Louis-Marie Pouka og Sankie Maimo, blei utdanna av europeiske misjonærar og tala for assimilering til europeisk kultur som måten å føra Kamerun inn i den moderne verda på.[78] Etter andre verdskrigen analyserte og kritiserte forfattarar som Mongo Beti og Ferdinand Oyono kolonialismen og forkasta assimilering.[79] Kort etter sjølvstendet utforska filmskaparar som Jean-Paul Ngassa og Thérèse Sita-Bella liknande tema.[80] På 1960-talet utforska Mongo Beti og andre forfattar postkolonialisme, problem innan afrikansk utvikling og gjeninnhenting av afrikansk identitet.[81]

Film endre

Samtidig tok filmskaparar som Jean-Pierre Dikongué Pipa og Daniel Kamwai på midten av 1970-talet for seg konfliktar mellom det tradisjonelle og det postkoloniale samfunnet. Litteratur og filmar dei neste to tiåra konsentrerte seg meir om heilt kamerunske tema.[82]

Arkitektur endre

 
Tradisjonelt bamilekehus.

Tradisjonell bustadbygging nyttar lokalt tilgjengelege materialar og varierer ifrå provisoriske skjul av tre og lauv blant nomadiske mbororofolk til firkanta husa av leire med halmtak blant folka i sør. Bustader tilverka av material som sement og blekk er blitt stadig meir vanleg.[83]

Tradisjonar endre

Heilagdagar og høgtider endre

Det finst sju årlege nasjonale høgtidsdagar. Blant dei rørlege høgtidsdagane er dei kristne heilagdagane langfredag, påskedag, andre påskedag og Kristi himmelferdsdag og dessutan dei muslimske heilagdagane id ul-fitr, id ul-adha og id milad nabi.[36]

Heilagdagar
Dato Norsk namn
1. januar Nyårsdagen
11. februar Den nasjonale ungdomsdagen
1. mai Fyrste mai
20. mai Nasjonaldagen
15. august Maria himmelferd
1. oktober Sameiningsdagen
25. desember Juledagen

Kvar av dei ulike folkegruppene i Kamerun har sine eigne kulturelle uttrykk. Typiske markeringar er mellom anna fødslar, dødsfall, såtid, haust og religiøse ritual.

Matkultur endre

Maten i Kamerun varierer etter region, men eit stort kveldsmåltid med ein rett er vanleg over heile landet. Ein typisk matrett kan baserast på cocoyam, mais, maniok, hirse, kokebanan, potet, ris eller jams, som ofte blir knust til deigliknande fufu. Dette blir servert med ein saus, suppe eller gryterett laga av bladgrønsaker, jordnøtter, palmeolje eller andre ingrediensar.[84] Kjøt og fisk er populære, men dyre, tilleggsingrediensar.[85] Matrettene er ofte ganske sterke, og smaksette med salt, paprika og Maggi.[86] Vatn, palmevin og hirseøl er dei tradisjonelle måltidsdrikkane, men øl, brus og vin har auka i popularitet.[87] Bestikk er no utbreidd, men maten har tradisjonelt blitt eten med høgrehanda. Frukosten består av restar eller brød og frukt med kaffi eller te. Snacks er populære, særleg i større byar, der ein kan kjøpa dei frå gateseljarar.

 
Kamerun møter Tyskland på Zentralstadion i Leipzig 27. april 2003.

Idrett endre

Staten går sterkt inn for all slags idrett. Blant dei tradisjonelle idrettane er kanopadling og bryting, og fleire hundre løparar deltar i 40-kilometerløpet Mount Cameroon Race of Hope kvart år.[88] Kamerun er eit av nokre få tropiske land som har deltatt i Vinter-OL. Idrettslivet i Kamerun er likevel dominert av fotball. Det finst mange amatørfotballag, som kan organiserast etter etnisitet eller av selskap. Kamerun sitt herrelandslag i fotball har vore eit av dei mest suksessrike i Afrika sidan det fekk sterke resultat i VM i fotball 1990. Kamerun har vunne fem titlar i den afrikanske meisterskapen i fotball for herrar og gullmedaljen i OL 2000.[89]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hagen, Morten (19. september 2022). «Kamerun». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Cameroon (adj.) nation in West Africa, its name is taken from the Anglicized form of the former name of the River Wouri, which was called by the Portuguese Rio dos Camarões "river of prawns" (16c.) for the abundance of these they found in its broad estuary. camarões is from Latin cammarus "a crawfish, prawn."
  3. «Camarões: o que os crustáceos têm a ver com o país? ("Cameroon: what do the crustaceans have to do with the country?")». Veja. Henta 21. november 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Cameroon | Culture, History, & People | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 4. januar 2023 
  5. «Country Files: Cameroon». UN Food and Agriculture Organization. Arkivert frå originalen 11. juni 2013. Henta 3. mars 2013. 
  6. DeLancey & DeLancey 2, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  7. «Wouri River | river, Cameroon | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 20. april 2022. 
  8. Fanso 84, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  9. 9,0 9,1 DeLancey & DeLancey 125, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  10. 10,0 10,1 DeLancey & DeLancey 5.
  11. DeLancey & DeLancey 4, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  12. 12,0 12,1 DeLancey & DeLancey 6, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  13. DeLancey & DeLancey 19, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  14. DeLancey & DeLancey 7, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  15. DeLancey & DeLancey 8, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  16. DeLancey & DeLancey 9, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
  17. 17,00 17,01 17,02 17,03 17,04 17,05 17,06 17,07 17,08 17,09 17,10 17,11 "Cameroon Arkivert 15. mai 2020 på Wayback Machine.", The World Factbook Arkivert 12. august 2008 på Wayback Machine., läst 7 november 2007
  18. World Population Prospects.
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 «Cameroon». CIA World Factbook (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mai 2020. Henta 14. november 2020. 
  20. West 3.
  21. Neba 109–11.
  22. Neba 111.
  23. Neba 105–6.
  24. Neba 106.
  25. Neba 103–4.
  26. Neba 65, 67.
  27. West 13.
  28. Neba 48.
  29. International Federation of Red Cross and Red Crescent Societies.
  30. 30,0 30,1 Musa.
  31. Neba 108.
  32. Jf. artikkelen Cameroon på Ethnologue.
  33. DeLancey & DeLancey 28
  34. Neba 94
  35. DeLancey & DeLancey 131, Niba
  36. 36,0 36,1 Religious Demography in Cameroon
  37. Geschiere 169–70
  38. Mbaku 139.
  39. 39,0 39,1 39,2 "Cameroon", Country Reports on Human Rights Practices
  40. "Cameroon (2007)", Freedom House.
  41. Mbaku 141.
  42. Sa'ah.
  43. "Elections to the Human Rights Council".
  44. West 58–60.
  45. "Cameroon", UNAIDS.
  46. DeLancey & DeLancey 21.
  47. CAMEROUN, arkivert frå originalen 8. juni 2011, henta 15. oktober 2009 
  48. "World Economic and Financial Surveys".
  49. 49,0 49,1 West 12.
  50. 50,0 50,1 "Background Note: Cameroon" Arkivert 13. januar 2010 på Wayback Machine., läst 7 november 2007.
  51. Neba 208.
  52. Neba 185.
  53. West 24.
  54. Neba 189.
  55. Neba 195.
  56. West 23.
  57. Neba 158.
  58. Neba 160.
  59. Neba 161.
  60. Neba 170.
  61. Neba 173–6.
  62. Neba 132
  63. Neba 199
  64. Hudgens and Trillo 1036
  65. 65,0 65,1 65,2 65,3 "Cameroon - Annual Report 2007"
  66. Neba 207.
  67. Neba 207
  68. Mbaku 189, West 18.
  69. Mbaku 204
  70. 70,0 70,1 West 18.
  71. 71,0 71,1 Mbaku 189
  72. Mbaku 191
  73. West 18–9
  74. DeLancey & DeLancey 184
  75. Mbaku 200
  76. DeLancey & DeLancey 51; Nkolo & Ewens 443
  77. West 17.
  78. Mbaku 80–1.
  79. Fitzpatrick 38, Mbaku 77, 83–4, Volet.
  80. DeLancey & DeLancey 119–20, West 20.
  81. Mbaku 85–6.
  82. DeLancey & DeLancey 120.
  83. Mbaku 110–3.
  84. West 84–5.
  85. Mbaku 121–2.
  86. Hudgens & Trillo 1047, Mbaku 122, West 84.
  87. Mbaku 121, Hudgens and Trillo 1048.
  88. West 127.
  89. West 92–3, 127.
Bibliografi
  • DeLancey, Mark W.; DeLancey, Mark Dike (2000). Historical Dictionary of the Republic of Cameroon (3rd utg.). Lanham, Maryland: The Scarecrow Press. ISBN 978-0810837751. 
  • Hudgens, Jim; Trillo, Richard (1999). West Africa: The Rough Guide (3rd utg.). London: Rough Guides. ISBN 978-1858284682. 
  • Mbaku, John Mukum (2005). Culture and Customs of Cameroon. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 978-0313332319. 
  • Neba, Aaron (1999). Modern Geography of the Republic of Cameroon (3rd utg.). Bamenda: Neba Publishers. 
  • West, Ben (2004). Cameroon: The Bradt Travel Guide. Guilford, Connecticut: The Globe Pequot Press. ISBN 978-1841620787. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kamerun