Kamtsjija (òg kalla Kamtsjia og Kamčija, bulgarsk: Камчия) er ei 244,5 km lang elv aust i Bulgaria, den lengste elva på Balkan som munnar direkte ut i Svartehavet. Ho har sitt utspring der elvane Goljama Kamtsjija og Luda Kamtsjija renn i hop aust i Balkanfjella, og renn austover mot Svartehavet der ho munnar ut 25 km sør for Varna.

Kamtsjija
elv
Kamtsjija
Land  Bulgaria
Nedslagsfelt 5 358 km²
Lengd 244,5 km
Middelvassføring Ved landsbyen Titsja: 1 136 /s
Ved munningen: 26 287 /s
Kjelde Bulgaria
 - høgd 710 moh.
Munning Svartehavet, 25 km sør for Varna
Kart
Kamtsjija
43°02′00″N 27°53′00″E / 43.033333333333°N 27.883333333333°E / 43.033333333333; 27.883333333333
Wikimedia Commons: Kamchiya River

I antikken var elva kjend som Panisos, og seinare gav slavarane ho namnet Titsja. Det noverande namnet meiner ein har kiptjakisk opphav. Romarane bygde festninga Erite på den venstre breidda av elva. Området rundt Kamitsjija spelte ei viktig rolle i historia til det Første bulgarske riket. Mykje av den bulgarske flåten frå 800- til 1300-talet vart bygd ved munningen av elva på grunn av det gode tømmeret i området. På 1700-talet slo lipovanarane seg ned ved den nedre delen av elva.

Kamtsjija renn mellom anna gjennom Longoz, eit biosfærisk reservat som står på UNESCO si verdsarvliste og som vernar dei gjenverande skogane frå nedhogginga som skjedde på midten av 1900-talet.

Området rundt munningen har eit svært variert landskap, som ofte vert oversymd. Her finn ein gamle skogar, opp til 450 meter breie strender med opp til 20 meter høge tre eller graskledde sanddyner, ferskvassmyrar og myraktige restar av gamle elveleie. Den uvanlege blandinga av ask, alm, or og lønn, som stundom reiser seg 40-50 meter over bakken med lianar mellom greinene, skapar eit inntrykk av ein tropisk regnskog. Jonsok-klosterklokke (Leucojum aestivum) og fleire planter frå soleiefamilien (Scilla sp.), i tillegg til bregner, veks òg i deltaet. Reservatet er 40 km langt og opp til 5 km breitt enkelte stader. Ein kan sjå dyr som oter, dådyr, hjort, villsvin og villkatt av dei 26 pattedyra her, i tillegg til tjuvjo, ørnar og opp til 200 andre fugleartar, inkludert 56 verna artar. Elva inneheld 25 fiskeartar.

Av landsbyar langs elva finn ein Veliki Preslav og Smjadovo i provinsen Sjumen, Dălgopol og Dolni tsjiflik i provinsen Varna. Fleire demningar er bygd langs elva, som gjev vatn til mellom anna Varna og Burgas.

Kjelde endre