Kanaan er eit namn mellom anna frå det gamle testamentet på landet vest om Jordanelva. Seinare vart eit nokolunde tilsvarande område kjend som Palestina. Namnet Kanaan er òg kjend frå eldre egyptiske kjelder, og landet høyrde til tidvis antikkens Egypt. Landet var folkesett av kanaanittar.

Kart over Kanaan.

For israelittane var Kanaan «det lova landet», det som Gud lova dei på Abraham si tid.[1] Kannan var òg namnet på landet dei kom att til etter å ha vandra i førti år ut av Egypt.

I Evangeliet etter Matteus er ei kanaaneisk kvinne nemnt i det 15. kapitlet; ordforklaringa seier at kanaanearane var det heidenske folket som budde langs kysten ved Middelhavet nord for Palestina.

Referansar endre

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.