Kandersteg er ein kommune i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 1 231 innbyggjarar (2010) og eit areal på 134 km². Kommunesenteret ligg 1174 meter over havet. Han ligg langs dalen til elva Kander, vest for Jungfrau-massivet. Han er kjend for det spektakulære fjellandskapet og turisme er ein viktig del av økonomien.

Kandersteg
Kandersteg frå elva Kander
Kandersteg frå elva Kander
Kandersteg frå elva Kander
Kommunevåpenet til Kandersteg
Kommunevåpenet til Kandersteg


Plassering
Kandersteg is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Frutigen-Niedersimmental
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

133,9 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

1 231
  9,2 /km²
Koordinatar 46°30′0″N 7°40′0″E / 46.50000°N 7.66667°E / 46.50000; 7.66667
Høgd over havet 1174 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3718
Nettstad: www.kandersteg.ch

Kandersteg ligg på nordsida av Bern-Alpane ved foten av Lötschen- og Gemmipasset. Landsbyen ligg i øvre Kanderdalen. i kommunen ligg Gasterndalen (øvre Kanderdalen) og Oeschinensee. Han omfattar landsbyane Kandersteg og Gastern.

Kandersteg er omgjeven av høge fjell. Balmhorn (3698 moh), ved grensa til kantonen Valais i sør er den høgaste i dalen.

Den største innsjøen i dalen er Oeschinensee. Øvst i dalen ligg Kanderbreen, kjelda til elva Kander.

Delar av kommunen ligg innanfor Jungfrau-Aletsch verneområde, ein verdsarvstad sidan 2001.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre