Kanelbolle, skillingsbolle eller «kanel i svingane» er namn på eit bollestort bakverk forma som ein spiral. Bolla har fått namna sine fordi ho inneheld mykje kanel mellom deiglaga, og fordi ho tidlegare kosta éin skilling.

Heimelaga kanelbollar
Foto: Martin NH

Bolla er særleg kjend i Noreg og Sverige, men finst òg i USA som cinnamon bun.

For å laga ei kanelbolle treng ein hovudsakleg kveitemjøl, mjølk, gjær, sukker og sjølvsagt kanel. Ein kan òg ha kardemomme i deigen, medan bolla kan pyntast med melisglasur eller perlesukker.

4. oktober er utnemnd til «Kanelbullens dag» i Sverige. På svensk kallar ein òg ofte alfakrøllteiknet for 'kanelbulle'.

Bakgrunnsstoff endre