Kangerluarsoruseq

tidlegare busetnad på Grønland

Kangerluarsoruseq (dansk Færingehavn, færøysk Føroyingahavnin) er ei fråflytta bygd i Sermersooq kommune på sørvestkysten av Grønland. Namnet er tidlegare òg blitt skrive Kangerdluarssoruseq.

Kangerluarsoruseq
busetnad
Land  Grønland
Folketal 0 (1. januar 2020)[1]
Kart
Kangerluarsoruseq
63°41′54″N 51°32′44″W / 63.698207090911°N 51.545643166822°W / 63.698207090911; -51.545643166822

Bygda ligg ca. 50 km sør for hovudstaden Nuuk, i ope hav sør for Kangerluarsunnguaq (dansk Buksefjord).

Historie endre

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1977 24
1982 33 +37,5 %
1987 16 −51,5 %
1992 56 +250,0 %
1997 6 −89,3 %
2002 5 −16,7 %
2007 5 +0,0 %
2012 0 −100,0 %
Kjelde: «Befolkningen i lokaliteterne efter lokalitet og tid». Grønlands Statistik. Henta 10. august 2012. 

Busetnaden blei grunnlagd av færøyingar i 1927 som ei fiskerihamn, med namnet Færingehavn, dvs. hamna til færøyingane. Bakgrunnen var at færøyingar hadde hatt lov til å fiska i sjøterritoriet heilt inntil dei ytste skjera og holmane frå Ravns Storø til munningen av Godthåbsfjorden, trass i protestar frå grønlendarane. Desse rettane omfatta likevel ikkje fiske inne i skjergarden og i fjordane, som var øyremerkte for grønlandske fiskarar.

Det færøyske fisket ved Grønland tok til på 1920-talet, då færøyske fiskarar blei fortrengde av engelske og tyske fiskarar som fiska med trål i dei heimlege farvatna sine. Færøyingane fiska frå små båtar med handsnøre og langline, og det fanst ikkje kapital til å legga om fisket. Dei færøyske fiskarane drog derfor til Island og Grønland for å fiska der. Det betydde at dei i høg grad hadde bruk for stasjonar på land der dei kunne ta fisken i land.

Færøyingane retta krava sine om fiskerettar ved Grønland til dei danske styresmaktene, og Danmark valde å støtta færingane, sjølv om det dermed blei vanskeleg å halda oppe avsperringa av Grønland, og dermed oppretthaldinga av monopol på handelen. Dessutan ville eit fiskeriløyve på sjøterritoriet kunna vera til gagn for fisket til grønlendarane sjølv.

I 1925 fekk færøyske fiskarar tilgang til ein hamneplass på Ravns Storø, ein aude stad i Frederikshåb-området, og frå 1927 i Færingehavn. Grønlands Landsråd var ikkje blitt spurt, og protesterte heftig. Derfor blei rettane gjort mellombelse, og blei fyrst permanente frå 1931, då presset til færøyingane bar frukter. Løyvet deira til fiske blei då utvida nordover til Spanjoløya 15 km sør for Sukkertoppen, i dag Maniitsoq.

Etter grunnlegginga utvikla Færingehavn seg raskt frå å vera ei naudhamn til, frå 1937, å vera ei internasjonal fiskerihamn. I løpet av åra blei det bygd fyrtårn, reparasjonsverft, oljetankar, saltlager, sjukehus, sjømannsheim og ei 230 meter lang landgangsbru.

Frå Nuuk er det ca. 4 timars segltur til Færingehavn, eller Nordáfar, som staden òg er blitt kalla.

Då Danmark blei medlem av det dåverande Europeiske fellesskapet (EF, seinare EU) i 1972 blei Grønland, som del av Rigsfællesskabet, også medlem av EF, sjølv om det ved folkeavstemminga om medlemskap var eit klart fleirtal på 70,8 % som stemte nei. Ved innmeldinga mista Færøyane og andre fiskerinasjonane dei mellombelse fiskerettane i grønlandske farvatn, men forhandla seg seinare til særavtalar, berre i mindre omfang, og Færingehavn mista gradvis tydinga si.

Fram til 1990 kunne færøyingane fanga reker og frysa dei ned i Færingehavn, for vidare frakt med skip til Europa. Den siste danske embetsmannen med overordna mynde forlét Færingehavn kring 1990. Frå 1995 blei oljehamna sør for Færingehavn brukt som lager for olja som energidivisjonen til KNI, tidlegare Den Kongelige Grønlandske Handel, importerte og distribuerte til byar og bygder overalt i Grønland. Polaroilhavnen blei nedlagd i 2009, og busetnaden blei forlaten.[2][3]

Kjelder endre

Litteratur endre

  • John F. West, Faroe. The Emergence of a Nation. New York 1972
  • Jógvan Arge, Teir tóku land. Føroyingar í Grønlandi, Forlagið Tjarnardeild, Tórshavn. 1996-2003. 8 bind om Færingehavn (færøysk)
  • Poul Lamhauge, Føroyingahavnin. I: Gluggin, oktober 1957.