Kanji (japansk 漢字) er namnet på dei kinesisk-avleidde skriftteikna som blir brukte til å skriva japansk,[1] i tillegg til dei to stavingsalfabeta hiragana og katakana. Namnet kanji tyder 'han[dynasti]-teikn',[2] som på kinesisk heiter hanzi.[3]

Jente øver seg på å skriva kanji. Ukiyo-e-trykk av Yoshu Chikanobu frå 1897.

Kanji har mange likskapar med hanzi, men begge skriftspråka har òg gått gjennom endringar. Det er kome til nye teikn i Japan og eldre teikn har fått nye tydingar. I tillegg har skrifta i Folkerepublikken Kina gått gjennom reformer som gjer at japanarar ikkje utan vidare vil kjenna att alle dei kinesiske teikna.

Kjelder endre

  1. Taylor, Insup; Taylor, Maurice Martin (1995). Writing and literacy in Chinese, Korean, and Japanese. Amsterdam: John Benjamins Publishing Company. s. 305. ISBN 90-272-1794-7. 
  2. Suski, P.M. (2011). The Phonetics of Japanese Language: With Reference to Japanese Script. s. 1. ISBN 9780203841808. 
  3. Malatesha Joshi, R.; Aaron, P.G. (2006). Handbook of orthography and literacy. New Jersey: Routledge. s. 481–2. ISBN 0-8058-4652-2. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kanji
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.