Genève
Tysk: Genf
Fransk: Genève
Italiensk: Ginevra
Retroromansk: Genevra

Våpenet til Genève

Kart som viser kvar i Sveits Genève ligg.

Hovudstad Genève
Språk fransk
Folketal 472 530 (2013[1])
Areal 282 km²
Folketettleik 1 676/km²
Forkorting GE
Kanton sidan 1815
Høgaste topp 516 m (Les Arales)

Republikken og kantonen Gèneve (fr. République et Canton de Genève) er den vestlegaste av kantonane i Sveits. Kantonen er nesten omslutta av Frankrike, og grensar elles til kantonen Vaud i nord og Genfersjøen i nordaust. Som nokre andre sveitsiske kantonar, Ticino, Neuchâtel og Jura, kallar kantonen seg republikk i den sveitsiske konføderasjonen.

Utsyn over ein del av kantonen Genève

Språk og samfunn endre

Heile 39,7% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar i 2011. Borgarar av 180 statar bur i denne mest internasjonale av alle kantonar i Sveits. Tre fjerdedelar av utlendingane kjem frå land i Sør-Europa. Både talemålet og skriftspråket i kantonen er fransk. Eit fleirtal av innbyggarane er romersk-katolske, noko som kjem av stor innvandring frå fjellregionane i Sveits og frå Italia i det siste hundreåret. Historisk var protestantismen den dominerande religionsforma i kantonen. Sidan tidleg 1900-tal har kyrkjelivet i Genève vore sterkast påverka av fransk kristenliv.

Kommunar endre

Kantonen Genève består av 45 kommunar. Den største kommunen i kantonen er byen Genève. Elleve andre kommunar har over 10 000 innbyggarar, dei er Carouge, Chêne-Bougeries, Lancy, Le Grand-Saconnex, Meyrin, Onex, Plan-les-Ouates, Thônex, Vernier, Versoix og Veyrier.

Historie endre

Byen Genève er frå romartida. På 400-talet vart byen hovudstad i Burgund. Etter det burgundiske riket braut saman, vart Genève i 1032 ein del av det tysk-romerske riket og kom i 1156 under fyrstebiskopen av Genève. Etter den protestantiske reformasjonen fekk byen riksfridom og vart frå 1533 rekna som ein sjølvstendig byrepublikk. Genève var i tida 1526-36 med i det sveitsiske eidsforbundet, der det kom med att i 1584.

Inspirert av den franske revolusjonen gjorde mellomstanden opprør i 1793, året etter vart ein demokratisk konstitusjon innført. Frankrike annekterte byrepublikken i 1798 og og la elles til landområda i kring byen, då det danna departementet Léman. Etter Napoleon var overvunnen, fekk republikken Genève sjølvstende. Året deretter, 1815, vart byen sveitsisk og hovudstad i den nydanna kantonen med same namnet.

Bakgrunnsstoff endre

  1. Population résidante du canton de Genève, selon l'origine et le sexe, par commune, en mars 2013. Office cantonal de la statistique (OCSTAT). Office cantonal de la statistique (OCSTAT).