Luzern
Tysk: Luzern
Fransk: Lucerne
Italiensk: Lucerna
Retroromansk: Lucerna

Våpenet til Luzern

Kart som viser kor i Sveits Luzern ligg.

Hovudstad Luzern
Folketal 377 610 (2011)
Areal 1 493,44 km²
Folketettleik 253/km²
Forkorting LU
Kanton sidan 1332
Høgaste topp Brienzer Rothorn (2350 moh)

Luzern er ein kanton i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 1 493 km2 og 372 853 innbyggarar i 2009. Luzern er delt i tre åtskilde delar, då to enklavar ligg ved Vierwaldstättersjøen. Desse har grense til kantonane Schwyz og Nidwalden. Byen Luzern er hovudstad i kantonen.

Geografi endre

Kommunekart over kantonen Luzern

Kantonen grensar til kantonane Aargau, Zug, Schwyz, Nidwalden, Obwalden og Bern, og til innsjøen Vierwaldstättersjøen. Det høgste fjellet er Brienzer Rothorn, 2 350 meter over havet, som dannar trekantonspunkt mellom kantonane Luzern, Obwalden og Bern. Det lågastliggande punktet er 406 moh, på grensa mot Zug.

Språk og samfunn endre

15,8% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. I kring 89% av folket har tysk morsmål, med til dels store dialektvariasjonar. Den romersk-katolske kyrkja er dominerande trussamfunn med 71% oppslutning, medan 12% av innbyggarane er protestantar.

Distrikt og kommunar endre

Luzern består av fem distrikt, som er delt opp i til saman 96 kommunar. Dei fem distrikta er Entlebuch, Hochdorf, Luzern, Sursee og Willisau.

Historie endre

Kantonen Luzern består av territorium som byen Luzern har innlemma, enten ved erobring, avtalar eller kjøp. Mange av desse stadene, som Kriens, Horw, Sempach, Hochdorf, Entlebuch, Willisau og Sursee, kom under kantonen i tida 1380-1417, medan Malters og Littau kom til i 1477 og -81.

Habsburgarane hadde kjøpt Luzern i 1291. Denne ervervinga av Luzern førte til at dei tre såkalla skogskantonane Uri, Schwyz og Unterwalden, same året danna den evige alliansen, ei handling som vert rekna som grunnlegginga av Sveits. I 1332 vart Luzern den fjerde medlemen av det sveitsiske eidsforbundet, og den første byen som allierte seg med dei tre landkantonane.

Gjennom slaget ved Sempach, som fann stad nær landsbyen Sempach i 1386, vart habsburgar-styrken overvunnen og dermed pressa ut av regionen. Sigeren styrkte eidsforbundet, og gav byen Luzern høve til sette i gang gradvise oppkjøp av territorium, land som vart styrt frå byen.

Under reformasjonen heldt Luzern fast ved den romerske katolisismen, og har i alle år sidan vore den katolske kyrkja si høgborg i Sveits. Den pavelege nuntiusen budde her 1601-1873. I det 16. hundreåret vann eit aristokratisk oligarki makta i Luzern. Dette oligarkiet rådde i kantonen til 1798, men var alvorleg utfordra av den sveitsiske bondekrigen i Entlebuch i år 1653. Under den franskstøtta republikken Helvetia (1798-1803) hadde sentralregjeringa sitt sete i byen Luzern. Etter republikken kollapsa var Luzern ein av dei seks leiande kantonane i tida 1803-14.

Under den såkalla restaurasjonen, 1815-1848, var Luzern ein av dei tre regjerande kantonane i Sveits. Den patrisiske regjeringa vart feia vekk då ei ny grunnlov vart vedteken i 1831. Men i 1841 vann dei konservative makta på ny, og dei opna i 1844 kantonen for jesuittar. Saman med andre katolske kantonar danna Luzern det såkalla Sonderbund. I 1847 braut det laus ein kortvarig borgarkrig, som Luzern og deira allierte kantonar tapte. Det avgjerande slaget fann stad på Gisikon, nær byen Luzern.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Kantonen Luzern ved Wikisource.