Denne artikkelen handlar om kantonen i Sveits. For andre tydingar av ordet, sjå Zug (fleirtyding).
Zug
Tysk: Zug
Fransk: Zoug
Italiensk: Zugo
Retroromansk: Zug

Våpenet til Zug

Kart som viser kvar i Sveits Zug ligg.

Hovudstad Zug
Språk tysk
Folketal 113 105 (2011)
Areal 239 km²
Folketettleik 473/km²
Forkorting ZG
Kanton sidan 1352
Høgaste topp 1580 m (Wildspitz)

Zug er ein av kantonane i Sveits. Han ligg i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 239 km², og hadde 114 711 innbyggarar i 2009. Hovudstaden i kantonen er byen Zug.

Geografi endre

Zug grensar til kantonane Zürich i nord, Schwyz i sør, og Luzern og Aargau i vest. Landskapet er dominert av åsar og langstrakte fjellryggar. 1 580 meter høge Wildspitz i fjellmassivet Rossberg er det høgste punktet i kantonen. Zugsjøen ligg for ein stor del i kantonen.

Språk og samfunnn endre

Tysk er skriftspråk i kantonen, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. Om lag 22% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 62% av folket er medlemmer av den romersk-katolske kyrkja, medan 18% soknar til protestantismen.

Kommunar endre

Zug består av elleve kommunar: Baar, Cham, Hünenberg, Menzingen, Neuheim, Oberägeri, Risch, Steinhausen, Unterägeri, Walchwil og Zug.

Historie endre

Den eldre historia til kantonen er praktisk talt identisk med hovudstaden Zug si. I 1798 danna kantonen ein del av Tellgau, ein slags stat i det indre av Sveits. Noko etter vart Zug eit av distrikta i den vidstrakte kantonen Waldstätten i republikken Helvetia. Kantonen Waldstätten bestod også av det som i dag er kantonen Schwyz, kantonen Luzern, Unterwalden og kantonen Uri.

Gjennom meklingsavtalen av 1803 fekk kantonen Zug atter sjølvstende som ein eigen kanton. Grunnlova av 1814 avskaffa opne forsamlingar (Landsgemeinde), som hadde eksistert i kantonen sidan 1376. I 1845 slutta kantonen Zug seg til det separatistiske Sonderbund og deltok i borgarkrigen i 1847. Denne enda med tap, og den sveitsiske konføderasjonen sørgde i 1848 for at dei resterande funksjonane med opne forsamlingar vart avskaffa. Både i 1848 og i 1874 røysta kantonen mot føderale grunnlover. Grunnlova for kantonen av 1876 vart endra i 1881, og erstatta av ei ny i 1894.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Zug