Kaon, òg kalla K-meson, er ein elementærpartikkel i familien meson. Det er kring 3,5 gonger tyngre enn p-mesonet og kring halvparten så tungt som protonet.

Eit K0-meson, som består av ein nedkvark og ein antisærkvark.

Det finst tre ulike kaon:

  • K+ er positivt ladd og består av ein oppkvark og ein antisærkvark
  • K- er negativt ladd og består av ein særkvark og ein antioppkvark
  • K0 er nøytral, og har to motsette ladningar som slår kvarandre ut, og består av ein nedkvark og ein antisærkvark.

Kaona vart observert for første gong av Cecil Frank Powell i 1947.

Fakta endre

 
Desintegrasjonen av eit kaon (K+) til tre pion (2 π+ 1 π-), er ein prosess som involverer svak vekselverknad og sterk vekselverknad.

Svak vekselverknad: Anti–s–kvarken (s) i kaonet vert omvandla til ein anti–oppkvark (u) gjennom å sende ut eit W-boson (W+) som deretter desintegrerer til ein anti–nedkvark (d) og ein oppkvark&nbsp(u)

Sterk vekselverknad: Ein oppkvark sender ut eit gluon (g) som desintegrerer til eit par av ned– og antinedkvarkar.

Kaonet har eit spinn på 0, og er den lettaste av særmesona, dvs eit meson der ein av kvarkane som det består av er ein særkvark.

  • K+ har ein masse på 494 Mev/c2 og ei levetid på 10-8 . 1,2 sekund.
  • K- har ein masse på 494 Mev/c2 og ei levetid på 10-8 . 1,2 sekund.
  • K0 har ein masse på 498 Mev/c2 og ei levetid frå 10-10 sekunr til 10-8 . 5 sekund.

Kaon desintegrerer til pion (π-meson).

Kjelder endre