Kapp Arkona er eit nes på øya Rügen i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Det ligg på tuppen av halvøya Witte, berre eit par kilometer nord for Jasmund nasjonalpark.

Kapp Arkona

Tempelfestninga på Arkona var eit religiøst og politisk senter for det slaviske fyrstedømet Rügen tidleg i mellomalderen. Tempelet var tileigna guden Świętowit, som var biletgjort med fire hovud. Tempelet husa eit orakel, som var ein kvit hingst der oppførselen hans avgjorde fred og krig. I dag står om lag berre ein fjerdedel av festninga att sidan kalkgrunnen som det vart bygd på sakte har erodert bort i Austersjøen. Eit redningsprosjekt er sett i gang for å redde resten av festninga.

I 1168 vart Arkona øydelagd av danske invasjonsstyrkar. Den hendinga skjedde før den påtvungen kristninga av innbyggjarane i området.

Det står i dag to gamle fyr på neset. Det eine er bygd i 1827, det andre i 1902. Det eldste av dei er òg det eldste fyret som framleis eksisterer i Austersjøen. Det vart bygd av den vidkjende arkitekten Karl Friedrich Schinkel.

I 1927 gav neset namn til det tyske linjeskipet SS «Cap Arcona».

Før den tyske gjenforeininga var neset det nordlegaste punktet i Aust-Tyskland, kalla Gellort.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kapp Arkona

Kjelde endre

54°40′35″N 13°26′16″E / 54.67639°N 13.43778°E / 54.67639; 13.43778