Kappgang, gongesport eller gangsport, er ei idrettsgrein som går ut på å gå ein distanse raskast mogleg. Kappgang skil seg frå løp ved at ein fot skal røre bakken til ei kvar tid. Den nøyaktige definisjonen av gang lyder slik:

Gang er ein rørsle ved steg tatt slik at det ikkje (sett av eit menneske) oppstår synleg mangel på kontakt med marka. Støttebeinet skal vera heilt strakt i kneleddet frå det augeblikket det rører marka og inntil det er i rett vertikal stilling.[treng kjelde]

Internasjonalt blir kappgang rekna som ein del av friidrett, og er organisert i IAAF (International Association of Athletics Federations). Ulike distansar på bane eller landeveg har vore olympiske øvingar sidan 1908. I dei siste olympiske leikene har det vore konkurrert i 20 km og 50 km for menn og 20 km for kvinner. I VM i friidrett er konkurransane 20 km for kvinner, og 20 km og 50 km for menn.

Noreg har vinne to olympiske medaljar i kappgang. Det skjedde i Sydney 2000 og i Beijing 2008, der Kjersti Tysse Plätzer begge gongene vann sølv på 20 km.

Kappgang var i Noreg lenge organisert som eit eige særforbund. Forbundet heitte Norges Gang- og Turmarsjforbund fram til 1. januar 2003, da det skifta namn til Norges Gang- og Mosjonsforbund. Etter samanslåinga med Norges Fri-idrettsforbund 1. april 2009 blei kappgang også i Noreg rekna som ein del av friidretten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre