Kaptein i forsvaret

Kaptein er ei offisersgrad som blir brukt i det meste av verda. I forsvaret i dei fleste land er kaptein den høgaste kompanioffisersgrada, og historisk har ein kaptein altså vore leiar for eit kompani. Tittelen blir for det meste brukt i landbasert forsvar (hæren), men i nokre land også i luftvåpenet og marinen. I moderne tid er ein kaptein i mange tilfelle leiar eller nestkommanderande for eit kompani eller ein skvadron.

I fleire land blir ordet kaptein brukt i samansettingar med andre ord, og dessutan om ei grad i marinen som er ei høgare grad, og har sitt opphav i sjøoffisersgrada kaptein.

Ordet kaptein kjem frå fransk «førar» (av latin capitaneus «leiar, sjef», av caput, «hovud»). Det tilsvarar den tyske tittelen Hauptmann.

Noreg endre

I Noreg blir grada kaptein brukt i hæren og luftforsvaret, og er offisersgrada mellom løytnant og major. Kaptein heiter rittmeister i kavaleriet. I Sjøforsvaret heiter den tilsvarande grada kapteinløytnant.

Gradene oversersjant og stabssersjant opphøyrde 1. juli 1975 og befalet fekk høvesvis offisersgradene fenrik og løytnant. Hærordninga av 1. januar 1977 gjorde at dei eldste av dei gamle stabssersjantane fekk kapteins grad. Graden kapteins har symbolet tre stjerner.