74°50′N 71°19′E / 74.833°N 71.317°E / 74.833; 71.317

Satellittbilde av Karahavet som mellom anna Jenisej og Ob renn ut i.
Karahavet

Karahavet (russisk Ка́рское мо́ре, Karskoje more) er ein del av Nordishavet nord for Sibir. Det grensar til Karasundet og Novaja Zemlja i vest med Barentshavet på andre sida, og til Severnaja Zemlja i aust med Laptevhavet på andre sida.

I nord går grensa til Karahavet geografisk langs linja frå Kapp KohlsaatGraham Bell-øya i Frans Josefs land til Kapp Arktis, det nordlegaste punktet på Komsomoletsøya i Severnaja Zemlja.

Karahavet er om lag 1450 km langt og 970 km breitt og dekkjer eit areal på rundt 880 000 km² og eit middeldjup på 110 meter.

Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekt av is over ni månader av året.

Karahavet mottar store mengder ferskvatn frå elvane Ob, Jenisej, Pjasina og Tajmyra, så saliniteten varierer mykje.

Sovjetisk frimerke som viser hamna i Dikson.

Dei største hamnebyane er Novyj Port og Dikson og havet er eit viktig fiskeområde, sjølv om det er berre isfritt om lag to månader året. Det er funne store område med petroleum og naturgass, men dette har ikkje vorte utnytta enno.

Øyar endre

 
Hovudøyane og øygruppene i sentrale og austlege område av Karahavet.

Det er mange øyar og øygrupper i Karahavet. I motsetnad til andre marginalhav i Arktis, der dei fleste øyane ligg langs kysten, har Karahavet mange øyar som Arktitsjeskij Institut-øyane, Izvesti TSIK-øyane, Kirovøyane, Ujedinenijaøya eller Einsemdøya, Vizeøya og Voroninaøya ligg langt ute til havs.

Den største øygruppa i Karahavet er Nordenskiöldøyane med fem større undergrupper og over nitti øyar. Andre viktige øyar i Karahavet er Belyøya, Diksonøya, Tajmyrøya, Kamennijeøyane og Oleniøyane.

Historie endre

 
Kart over Det russiske imperiet frå 1720. Aust for Novaja Zemlja er det berre teikna uutforska «ishav».

Karahavet vart tidlegare kalla Oceanus Scythicus ('Det skytiske havet') eller Mare Glaciale ('Ishavet') og står med desse namna på kart frå 1500-talet. Sidan havet er dekt av is det meste av året var det stort sett ikkje utforska før seint på 1800-talet.

I 1556 segla Stephen Borough «Searchthrift» for å prøve å nå elva Ob, men vart stoppa av isen og tåka då han nådde Karahavet. Ikkje før i 1580 prøvde ein annan engelsk ekspedisjon, under Arthur Pet og Charles Jackman, å nå passasjen. Dei klarte heller ikkje oppgåva og England mista interessa for Nordaustpassasjen.

I 1736-1737 reisten den russiske admiralen Stepan Malygin ei reise frå Dolgijøya i Barentshavet. Dei to skipa i ekspedisjonen var «Pervij», under Malygin sin kommando, og «Vtoroj» under kaptein A. Skuratov. Etter å ha kome inn i det lite utforska Karahavet, segla dei til munningen av Ob. Malygin skreiv ned detaljerte skildringar av dette ukjende området og klarte å teikne eit forholdsvis nøyaktig kart over kystlinja mellom elva Petsjora og Ob.

I 1878 segla den svenske utforskaren Adolf Erik Nordenskiöld på skipet «Vega» over Karahavet frå Göteborg og langs kysten av Sibir. Trass i pakkisen kom han til 180° aust tidleg i september. Vinteren låg han fast i isen i Tsjuktsjarhavet og venta og gjorde bytehandel med det lokale tsjuktsjarfolket. Juli etter var Vega fri frå isen og heldt fram til Yokohama i Japan. Han vart då den første som segla Nordaustpassasjen. Den største øygruppa i Karahavet, Nordenskiöldøyane, er kalla opp etter han.

 
Dampskipet «Correct» på Karahavet under Nansen og Lied sin Sibir-ekspedisjon.

1912 var eit tragisk år for russiske utforskarar i Karahavet. Dette året blokkerte isen Nordaustpassasjen og tre ekspedisjonar som måtte krysse Karahavet vart fanga i isen og forsvann: Sedov sitt fartøy «St. Foka», Brusilov si «Svjataja Anna»og Rusanov si «Gerkules». Georgij Sedov meinte å nå Frans Josefs land med skipet sitt og etterlate eit depot der og reise med slede til Nordpolen. På grunn av den tunge isen klarte berre fartøyet å nå Novaja Zemlja den første sommaren og overvintra i Frans Josefs land. I februar 1914 la Sedov på veg mot Nordpolen med to seglarar og tre sledar, men han vart sjuk og døydde på Rudolføya.[1]

Georgij Brusilov prøvde å segle Nordaustpassasjen, men vart fanga i Karahavet og dreiv nordover i meir enn to år før han nådde 83°17 N. Tretten mann, leia av Valerian Albanov, forlet fartøyet og startar å gå over isen mot Frans Josefs land, men berre Albanaov og ein sjømann (Aleksander Konrad) overlevde dei tre harde månadane. Dei overlevande hadde med seg skipsloggboka til «St. Anna», kartet over ruta hennar og daglege vêrobservasjonar, men kva som skjedde med dei gjenverande om bord er ukjend.

Same året forsvann ekspedisjonen til Vladimir Rusanov i Karahavet. Desse tre tapte ekspedisjonane førte til hendingane fanga interessa til ålmenta og eit par redningsaksjonar vart sett i verk, mellom anna fauk Nagurskij fem gonger over havet og isen frå ein base på Novaja Zemlja. Fridtjof Nansen og forretningsmannen Jonas Lied utforska Karahavet i 1913.

Etter den russiske revolusjonen i 1917 auka omfanget av utforskinga av Karahavet som følgje av utviklinga av Nordaustpassasjen. Det vart bygd mange fleire polarstasjonar, som det alt var fem av i 1917, og desse gav vêrobservasjonar, observasjonar av istilhøva og radiosamband. I 1932 var det 24 stasjonar, i 1948 om lag 80 og i 1970-åra var det meir enn 100. Bruken av isbrytarar og seinare luftfartøy for å utføre vitskapleg arbeid vart utviklia. I 1929 og 1930 førte isbrytaren «Sedov» med seg forskarar til Severnaja Zemlja, det siste store uutforska området i Sovjetunionen. Øygruppa vart kartlagd fullstendig under Georgij Usjakov mellom 1930 og 1932.

 
«Sankt Peterburg» i Karahavet i 2015.

Særleg verdt å merke seg er tre turar som isbrytaren «Sadko» tok, som gjekk lenger nord enn noko anna skip hadde vore. I 1935 og 1936 vart dei siste uutforska områda nord i Karahavet undersøkt og den vesle Usjakovøya vart oppdaga.

Sommaren 1942 kom den tyske Kriegsmarine sine krigsskip og ubåtar til Karahavet for å øydeleggje så mange russiske fartøy som mogeleg. Dette felttoget vart kalla Operasjon Wunderland. Operasjonen vart berre delvis ein suksess på grunn av mykje drivis, dårleg vêr og tåke. Dette verna dei sovjetiske skipa og hindra skade som kunne vorte påførte den sovjetiske flåten om vêrtilhøva hadde vore bra.

I dag er det uro omkring dei store mengdene atomavfall som tidlegare Sovjetunionen dumpa i havet, mellom anna seks atomubåtreaktorar og ti atomreaktorar [treng kjelde]. Effekten dette vil ha på miljøet er ikkje kjend. Det internasjonale atomenergibyrået sine målingar har vist at utsleppa er små og lokale.[2]

 
Luftputefartøyet Hivus-10 på kysten av Karahavet

Naturreservat endre

Det store arktiske statlege naturreservatet – det største naturreservatet i Russland og Europa - vart grunnlagd 11. mai 1993 av den russiske regjeringa. Karahavet utgjer 4000 km² av naturreservatet, og inkluderer Sergej Kirov-øyane, Voroninaøya, Izvestiy TSIK-øyane, Arktitsjeskij Institut-øyane, Sverdrupøya, Ensomheden og fleire mindre øyar. Området har eit naturleg og biologisk mangfald i Nordishavet og den austlege delen av Karahavet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Лыкошин Б. А. Георгий Седов. — Ростов-на-Дону: Ростовское книжное издательство, 1977.
  2. International Atomic Energy Agency: Radiological Conditions of the Western Kara Sea, arkivert frå originalen 27. september 2006, henta 1. august 2008 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Karahavet
Litteratur