Karatsjaj (russisk Карачай) er ein liten innsjø sør i Uralfjella vest i Russland. Frå 1951 starta Sovjetunionen å dumpe radioaktivt avfall i Karatsjaj frå Majak, det nærliggande lageret og opparbeidingsanlegget for radioaktivt avfall, nær byen Oziorsk[1] (då kalla Tsjeljabinsk-40).

I følgje Worldwatch Institute frå Washington, D.C. sin rapport om radioaktivt avfall er Karatsjaj «den mest forureina staden på jorda».[2] Innsjøen tok opp om lag 4,44 exabecquerel (EBq) med radioaktivitet,[3] inkludert 3,6 EBq av cesium-137 og 0,74 EBq av strontium-90.[1] Til samanlikning førte Tsjernobylulukka til eit utslepp på 5 til 12 Ebq radioaktivitet, men denne strålinga var ikkje konsentrert på ein stad.

Strålingsnivået i regionen i området nær der det radioaktive avfallet vert slept ut i innsjøen var 600 røntgen per time i 1990[4][5], som er meir enn nok til å ta livet av eit menneske i løpet av ein time.

Det radioaktive avfallet i Karatsjaj truar Nordishavet og kan flytte seg rundt halve jorda om det for alvor kjem ut i havet.[6]

Historie endre

I 1960-åra byrja innsjøen å tørke ut og arealet fall frå 0,5 km² i 1951[1] til 0,15 km² mot slutten av 1993.[7] I 1968 etter ein tørkeperiode i regionen, førte vinden med seg radioaktivt støv bort frå dei uttørka områda av innsjøen og bestrålte ein halv million menneske med 185 petabecquerel stråling.[3]

Mellom 1978 og 1986 vart innsjøen fylt med nesten 10 000 hole betongblokker for å hindre at sedimenta flytta seg. Innsjøen er i dag heilt dekt med betong.

Kjelder endre

55°39′42″N 60°51′16″E / 55.66167°N 60.85444°E / 55.66167; 60.85444