Karen Hækkerup

dansk politikar

Karen Angelo Hækkerup (fødd 12. juni 1974 i Hillerød) er ein tidlegare dansk politikar for Socialdemokraterne.

Karen Hækkerup

FøddKaren Angelo Schmidt
12. juni 1974 (49 år)
Hillerød
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSocialdemokratiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
Odense Katedralskole
EktefelleOle Hækkerup
Alle verv
  • Danmarks justisminister (2013–2014)
  • Minister of Social Affairs of Denmark (2011–2013)
  • Minister for Food, Agriculture and Fisheries (2013–2013)
  • folketingsmedlem (–2014)
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn endre

Hækkerup er dotter av læraren Erik Debois og psykologen Kirsten Angelo Schmidt. Ho er gift med folketingsmedlemmet Ole Hækkerup, og busett i DragørAmager. Med dette er ho også svigerinna av folketingsmedlem og minister Nick Hækkerup og svigerdottera av tidlegare folketingsmedlem Klaus Hækkerup. Karen Hækkerup har studentereksamen frå Odense Katedralskole fra 1993, studium i historie frå Odense Universitet frå 1994/1995 og kandidatutdanning i statsvitskap frå Københavns Universitet frå 2010.[1]

Karriere endre

Hækkerup var medlem av Københavns borgarrepresentasjon 1998–2005 og medlem av Folketinget for Københavns amtskrins 2005–2007 (nominert frå Amager krins) og for Københavns storkrins (nominert frå Tårnby krins) 2007–2014. Hækkerup var sosial- og integreringsminister 2011–2013, matvareminister i 2013 og justisminister 2013–2014.[1]

I 2014 søkte Hækkerup avskjed frå dei politiske verva sine for å tiltre som administrerande direktør i interesseorganisasjonen til bøndene og næringsmiddelindustrien Landbrug & Fødevarer.[2][3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Karen Hækkerup» (på dansk). Folketinget. Henta 4. november 2014. 
  2. Østergaard, Mette (10. oktober 2014). «Karen Hækkerup: Jeg vender aldrig tilbage til Folketinget». Politiken (på dansk). Henta 4. november 2014. 
  3. Ritzau (10. oktober 2014). «Yildiz Akdogan afløser Karen Hækkerup i Folketinget». Ekstra Bladet (på dansk). Henta 4. november 2014.