Karl William Pamp Jenkins (fødd 17. februar 1944) er ein walisisk musikar og komponist.

Karl Jenkins

Fødd17. februar 1944 (80 år)
FødestadPenclawdd
FødenamnKarl William Jenkins
OpphavStorbritannia
Aktiv1970–
Sjangerjazz, progressiv rock, New Age-musikk, klassisk musikk
Instrumentsaksofon, obo, Barytonsaksofon, Klaviatur, elektrisk piano
PlateselskapVirgin Records, Caroline Records, Deutsche Grammophon
Verka somkomponist, saksofonist, klaverspelar, oboist, jazzmusikar
Gift medCarol Barratt
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, honorary Fellow of the Learned Society of Wales

Det meste av den tidlege karrieren hans var han kjend som jazz og jazz-rock-musikar og spelte mellom anna baryton- og sopransaksofon, klaverinstrument og obo, eit uvanleg instrument i jazz-samanheng. Han vart med i gruppa til jazzartisten Graham Collier og var seinare med på å grunnlegge jazzrockgruppa Nucleus, som vann den første prisen på Montreux Jazz Festival i 1970. Han vart med i Canterbury scene-progrockbandet Soft Machine i 1972 og spelte med dei til dei gav seg i 1984.

I november 1973 spelte Jenkins på konsertframføringa av Mike Oldfield sin Tubular Bells for BBC.[1]

Jenkins har laga mykje musikk for reklame og har to gonger vunne prisar på dette området. Som komponist kom gjennombrotet hans med prosjektet Adiemus. Jenkins har vore dirigent for Adiemus i Japan, Tyskland, Spania, Finland, Nederland og Belgia og i Royal Albert Hall og Battersea Power Station i London. Adiemus: Songs of Sanctuary (1995) toppa den klassiske albumlista i Storbritannia.

Prisar og utmerkingar endre

Jenkins er utnemnd til Doctor of Music ved University of Wales. Han har nemningane fellow og associate ved Royal Academy of Music, der eit rom er kalla opp etter han. Han er også fellow ved Cardiff University (2005),[2] Royal Welsh College of Music & Drama, Trinity College Carmarthen og Swansea Metropolitan University.

Han blei gjeven eit æresdoktorat i musikk ved Universitetet i Leicester, ein Chancellor's Medal ved Universitet i Glamorgan og æresdoktorat som vitjande professor ved Thames Valley University, London College of Music og ATriUM i Cardiff.

Karl Jenkins blei tildelt ein OBE i Den britiske imperieordenen i 2005 og ein CBE i 2010.[3][4] I 2015 blei han utnemnd til Knight Bachelor, noko som gjer at han kan bruka «sir» før namnet sitt.[5]

Kjelder endre

  1. «Mike Oldfield (with Mick Taylor, Steve Hillage and members of Henry Cow, Gong and Soft Machine) - Tubular Bells (Live BBC Video 1973)». MOG. Arkivert frå originalen 23. august 2009. Henta 9. mars 2011. 
  2. «Cardiff University: Alumni». Arkivert frå originalen 22. mars 2016. Henta 16 March 2016. 
  3. London Gazette (59446), 12. juni 2010, s. 7 
  4. «Special Reports». Channel 4 News. Arkivert frå originalen 14. juni 2010. Henta 28. mai 2017. 
  5. Metro, 13. juni 2015. Henta 26. juni 2015

Bakgrunnsstoff endre