59°25′37″N 10°29′08″E / 59.42694°N 10.48556°E / 59.42694; 10.48556 Karljohansvern er ein orlogsstasjon og eit skipsverft i Horten kommune i Vestfold. Karljohansvern verft var hovudverftet til marinen frå 1850 til 1968, då det heldt fram som eit sivilt verft under namnet Horten Verft A/S fram til det gjekk konkurs i 1987.

Magasinbygningar
Sjømilitære korps' kaserne

Historie endre

I 1818 vart det bestemt å opprette ein orlogsstasjon i Horten. To år seinare begynte annleggsarbeidarane på eit verft for bygging av orlogsskip. Det fyrste skipet, ein fregatt, vart sjøstt 1828. Verftet het fyrst «Hortens verft», sidan «Marinens Hovedværft» fram til kong Oscar I gav det namnet «Carljohansværn værft» i 1854. Frå 1850 hadde det da teke over som hovudstasjon for marinen etter Fredriksvern i Stavern, ei rolle det hadde heilt fram til 1968. Da tok staten over verftet og døypte det om til Horten Verft A/S.

Horten verft vart lagt ned i 1987. Tidlegare var Karljohansvern såkalla standkvarter for Austlandet sjøforsvarsdistrikt. Karljohansvern kan framleis fungere som base ved ein eventuell krig eller ei krise. Sjøforsvarsdistrikt Sør vart lagt ned juli 2002. Befalsskulen for kystartilleriet (BSKA) på Oscarsborg vart slått saman med Befalsskulen for marinen (BSMA) og samlokalisert på Karljohansvern frå august 2002 som BSS (Befalsskulen for Sjøforsvaret), Marinemuseet og ei avdeling av Forsvarets forskingsinstitutt. Stortinget vedtok at BSS skulle flyttast til Bergen innan 1. august 2010.

Verftsområdet er gjort om til næringspark. Karljohansvern er nå opna for ålmenta. Berre Vealøs er i eige av forsvaret.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre