Karpe
Karpe
Karpe
Status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: Framandart med høg risiko
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Underfamilie: Cyprininae
Slekt: Cyprinus
Art: Karpe C. carpio
Vitskapleg namn
Cyprinus carpio

Karpe er ein ferskvassfisk i karpefamilien. Ho kjem opphavleg frå Sentral-Asia, men har vorte innført til nesten heile verda. I nyare tid er den japanske varianten koi vorte populær som hagefisk.

Kjenneteikn endre

Karpa er vanlegvis 75-80 cm lang med ei vekt på 8-10 kg, men eksemplar på 120 cm med ei vekt på nesten 40 kg har førekome. Ho har store skjel og er som regel blågrå langs ryggen, brun til grøn på sidene og gul på buken. I munnvikene har ho store skjeggtråder som vert nytta ved matsøk.

Sidan karpene har vore objekt for avl og oppdrett så lenge, veit me lite om korleis dei opphavleg såg ut. Me veit likevel at dei ville eksemplara er mindre, vanlegvis om lag 20-30 % av storleiken til dei framedla slektningane sine.

Karpa kan bli 20-25 år i vill tilstand. Alderen kan bestemmast ut frå skjela; som får ein ring for kvart gyteår.

Levesett endre

Miljø endre

Karpene likar seg best i små grupper på grunt, stilleståande vatn med mudder- eller gjørmebotn og mykje plantevekst, men dei finst òg i djupe elver med mykje straum. Karpa tolar temperaturar frå 3 til 35 °C, og er såleis ein særs tilpassingsdyktig og hardfør art. Ho har difor vore mellom dei første fiskane det vart drive oppdrett av.

Maten sin finn karpa på botnen med skjeggtrådene sine. Ho et særleg makk, insektlarver og krepsdyr som ho finn i mudderet, men òg sniglar, ferskvassmuslingar, symjande insekt og nokre planteartar går ned. Stundom leitar ho i tillegg etter mat i overflateområdet. Her et ho som regel insekt, men òg mat menneske kastar ut til ho.

Formeiring endre

Karpa gyt om forsommaren, helst på oversymd grasmark. Egga vert klistra til vegetasjonen i klumpar, og vert klekte etter 3-4 døger ved 18 °C. Ei stor ho kan produsera opp til 2 millionar egg.

Yngelen lever på grunnare vatn enn dei vaksne fiskane. Dette kan koma godt med, sidan vaksne karper gjerne kan finna på å eta sine eigne ungar.

Karpa og mennesket endre

Karpa er sannsynlegvis den eldste oppdrettsfisken menneske har avla fram. Ho høyrer naturleg heime i Kina og Japan, men allereie i år 500 fvt. vert ho omtalt av Aristoteles. Karpefisk vart derimot ikkje vanleg i Europa før i mellomalderen, då dei vart innførte i store mengder.

Særleg i Japan har karpa vorte avla målretta som prydfisk lenge. Den vanlegaste fargevarianten i handelen vert kalla koi, og er m.a. populær i hagedammar.

Bakgrunnsstoff endre