Karsibór (tysk Kaseburg) er ei øy i Stettiner Haff i Polen, som vart kunstig oppretta då ho vart avskore frå øya Usedom. Øya er kalla opp etter den største tettstaden på øya.

Karsibór
øy
Land  Polen
Areal 14 km²
Folketal 1 200
Kart
Karsibór
53°50′46″N 14°19′48″E / 53.846°N 14.33°E / 53.846; 14.33
Wikimedia Commons: Karsibór Island
Kart

I 1880 vart kanalen Kaiserfahrt gjennom Usedom opna, ein vassveg med ei djupne på 10 meter går mellom lagunen og Austersjøen og dannar ein snarveg forbi den austlege delen av Swina, ei grein av elva Oder. Dette gjer at store skip kan gå inn i lagunen til hamna Stettin (Szczecin) raskare og tryggare enn via den opphavlege elveruta (Alte Swine) som skil elva frå øya Wolin i nord.

Kanalen er om lag 12 km lang og 10 meter djup og vart grave ut av Det tyske keisardømet mellom 1874 og 1880 under regjeringstida til Kaiser Wilhelm (1797 - 1888) som kanalen er kalla opp etter.

Etter 1945 vart områda aust for Oder-Neisse-linja line og dei tyske hamnebyane Stettin (Szczecin) og Swinemünde (Świnoujście) på vestsida av elva Oder gjeve til Polen som kalla kanalen opp etter Piast-familien.

Landsbyen Kaseburg fekk òg nytt namn, Karsibór, og har i dag om lag tusen innbyggjarar. Han er ein del av kommunen Świnoujście (Swinemünde), som ligg på Usedom.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre