Ein kartesisk dykkar er eit luftfylt lite glasrøyr som så vidt flyt, men som søkk når vasstrykket aukar.

Demonstrasjon av ein kartesisk dykkar (Her er ein annan demonstrasjon.)

Verkemåten kan enkelt visast med ein augedråpepipette som ein tarerer til han såvidt flyt i eit høgt, smalt glas eller ei flaske heilt fylt med vatn og lukka med ein gummipropp. Trykkjer ein på proppen, aukar trykket i vatnet. Noko vatn blir trykt inn i pipetten som dermed blir tyngre og søkk. Minskar ein trykket, vil lufta i pipetten utvide seg igjen og skyve vatnet ut slik at pipetten blir lettare og flyt opp. Prinsippet blir utnytta i eit apparat til måling av gassutvikling i små mengder biologisk vev som blir plassert inne i ein kartesisk dykkar.

Eksperimentet med dykkaren viser at treverk og opphavleg flytande lekamar som har søkke under vassoverflata, som skip eller vasstrukkent tømmer, blir stadig meir vassfylt på grunn av aukande trykk med djupna og difor må søkke heilt til botns.

Dykkaren er kalla opp etter Cartesius, det vil se Descartes.

Kjelder endre