Kashmir er eit historisk land i Asia som no er delt i område administrerte av India, Pakistan og Kina. Indisk Kashmir utgjer i dag den indiske delstaten Jammu og Kashmir, pakistansk Kashmir er delt i Asad Jammu og Kashmir og Gilgit-Baltistan, medan delar av nordområda ligg i den kinesiske provinsen Xinjiang.

Kart over Kashmir med indisk- og pakistansk-kontrollerte område avmerkte i oransje og grønt.

Geografi endre

 
Nanga Parbat, den niande høgaste fjelltoppen i verda og eit særs vanskeleg fjell å klatra i, ligg i den pakistanske delen av Kashmir.

Historisk viste omgrepet «Kashmir» berre til Kashmirdalen mellom Himalayafjella og den noko lågare fjellkjeda Pir Panjal. Det har seinare blitt utvida til også å omfatta Jammu og Ladakh og det kinesiske Aksai Chin.

Kashmir er kjend for snødekte fjell og annan vakker natur som Dal-sjøen. Det kjølige klimaet har gjort han til eit mykje brukt feriestad under den varme indiske sommaren, særleg av britane under kolonitida.

Historie endre

Kashmir var eit fyrstedømme med muslimsk fleirtal styrt av ein hinduisk maharaja fram til 1947. Da maharaja Hari Singh valde å bli verande uavhengig og derfor nekta å gjeva seg under både India og Pakistan, byrja pathanske menn med moralsk støtte frå pakistanske styresmakter å invadere fyrstedømmet. Maharajaen gav seg straks over til India, som gjekk inn med sine troppar og slo attende invasjonen. Sidan den gong har både India og Pakistan kravd fullt herredømme over heile området.

Kashmir-konflikten endre

Den faktiske situasjonen i dag er at Pakistan har kontroll over noko under halvparten av området, Kina har kontroll over ein liten del i nord, og India har kontroll over noko over halvparten av området. India og Pakistan har vore i krig tre gonger over dette området — i 19471948, i 1965 og i 1971; og det vart nye samanstøytar under Kargilkonflikten i 1999. Islamistiske aktivistar har byrja på ein etnisk reinskingsprosess som har ført med seg at eit stort tal minoritetsmedlemmer og opphavlege innbyggjarar har måtta flykte frå Kashmirdalen. Militante islamistar som står for væpna djihád, har leirar fleire stader i skogane på den pakistanske sida av grensa. Ein ny spent situasjon oppstod i 20012002, da India trappa opp den militære aktiviteten sin etter det India meinte var aktiv pakistansk støtte til terroristar i dei indisk-kontrollerte områda av Kashmir.

Den indiske regjeringa gjer krav på heile området, inkludert den delen som blir administrert av Pakistan, som den indiske regjeringa kallar «det pakistansk-okkuperte Kashmir», eller «POK». Pakistan, derimot, godkjenner ikkje nokon del av regionen som indisk og kallar området under indisk kontroll «det okkuperte Kashmir» og området som ligg under pakistansk kontroll «Azad Kashmir», eller «Det frie Kashmir», med unntak av dei nordlegaste områda, som er ei separat administrasjonseining med det offisielle namnet Dei nordlege områda.

Sjå òg endre