Kasimir Malevitsj

Kasimir Severinovitsj Malevitsj (23. februar 187915. mai 1935) var ein russisk målar og kunstteoretikar. Han var ein pioner innan geometrisk abstrakt kunst, og ein av dei fremste medlemene av den russiske avantgarden.

Kasimir Malevitsj

Fødenamn russisk Казимир Северинович Малевич
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 11. februar 1879
Kyiv
Død

15. mai 1935 (56 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar, lærar, scenograf, kostymedesignar, teiknar, kunstteoretiker, designar, biletkunstnar, kunsthistorikar, pedagog
Språk polsk, ukrainsk
Sjanger scenografi, målarkunst, abstrakt kunst, stilleben, figurativ kunst
Medlem av Supremus
Ektefelle Kazimiera Sgleitz, Sofia Rafalovich
Kasimir Malevitsj på Commons

Barndom endre

Sjølvportrett, 1908?

Malevitj var fødd og voks opp nær Kiev i Kiev guvernement i Tsar-Russland (no Ukraina). Foreldra stamma frå det katolske Polen. Faren arbeidde i ein sukkerfabrikk, mora tok hand om heimen. I heimen var veggane pryda med ikonar, slik det var i dei fleste heimar i Russland. Men foreldra hadde sagt farvel til kristentrua.

Fram til han var 12 kjende ikkje Malevitsj til «høg» målarkunst, men voks opp omgjeven av folkekunst, som broderi og dekorerte veggar og omnar. Kring 15 år gammal fekk Malevitsj sitt fyrste målarskrin. I sjølvbiografien frå 1923 skriv han at han ein gong gjekk til ein butikk i Kiev med mor si; ein butikk der det fanst fleire bilete som verka sterkt på han. Det var fyrste gongen han såg eit naturalist-bilete på veggen: «Den dagen gløymer eg aldri.»

Blomejente, 1903

Utdanning og tidlege verk endre

Malevitsj studerte på Kiev kunstskule (1895–96), Moskvas skole for maling, skulptur og arkitektur (1904–10) og i studioet til Fjodor Rerberg i Moskva (1904–10). Frå ungdommen av beundra han Ivan Sjisjkins og Ilja Repins realistiske måleri. I Kursk i 1896 danna Malevitsj saman med andre kunstnarar eit atelierkollektiv. I dette atelieret vart han kjend med kunstnarar med utdanning frå kunstakademi. Måleria frå denne tida var naturalistiske.

Malevitsj var misnøgd med situasjonen, og forstod han trong akademisk skulering skulle han kunne leve av målarkunsten sin. 26 år gammal flytta han i 1904 til Moskva og tok målarleksjonar i Fjodor Rerbergs private atelier. Verka hans frå denne tida er måla i den samtidige stilen, det vil seie tradisjonelle, symbolistiske og nyimpresjonistiske verk. Malevitsj hadde allereie før han kom til Moskva gjennom ulike tidsskrift fått kjennskap til impresjonismen, og han hadde med seg eit par av sine eigne impresjonistiske bilete i bagasjen.

Slør, 1908

Utstillingar og inspirasjon endre

Mellom 1904 og 1907 vart han påverka av den hektiske verksemda i den russiske hovudstaden. Han gjekk også på utstillingar der han fekk take Monet og Cézanne sine franske originalverk i augesyn. Dei komande åra tok Malevitsj ut sine ungdomsinntrykk av naturen gjennom seinimpresjonismen og symbolismen. Tvert imot dei franske kunstnarane la ikkje Malevitsj ned tid på å fange lysfenomen i sine bilete. Han stolte fullt ut på verknaden av fargane. Lyset prøvde han å formidle gjennom fargane, noko han gjorde ved å kombinere fargane i ei djerv blanding.

På Moskvas kunstnarforeinings 14. utstilling stilte Malevitj ut 12 skisser. Andre kunstnarar som stilte ut verk på denne utstillinga var slike som seinare vart betrakta som banebrytarar for den moderne kunsten. Mellom desse fann ein Vladimir Burljuk, Vasilij Kandinskij, Mikhail Larionov og Natalija Gontsjarova. Året etter, 1908, vart utstillinga Gylne skinet vist, med postimpresjonistisk kunst: Nabis og Fauves, verk av Pierre Bonnard, Maurice Denis, Henri Matisse, Vincent van Gogh, Paul Gauguin og Georges Braque.

Landskap (vinter), 1909

Malevitsj vart djupt påverka av utstillinga, samstundes ser ein i verk frå tida etter spor av hans kritiske innstilling mot dei leiande vesteuropeiske kunstnarane.

Sjølvportrett endre

Då Malevitsj var rundt 30 år gammal, 1907-09, søkte han seg sjølv i ulike sjølvportrett. Mellom anna måla han Studiar av freskomåleri og sidan Sjølvportrett. Det fyrste er sterkt inspirert av den russiske, tradisjonelle symbolismen og av ikonmåleri. Sjølvportrett er derimot noko meir nyprimitivt, men på same tid djuptloddande.

Kubisme og futurisme endre

I løpet av 1912 flytta Malevitsj merksemda bort frå naturalismen og impresjonismen mot kubismen og futurismen. Her fann han nye måtar å framstille rom og tid på. Malevitsj, i motsetnad til kubistane, ikkje berre plukka frå kvarandre og segmenterte rommet, han kasta også om på bitane. Han nytta ulike geometriske figurar til å framstille gjenstanden frå ulike perspektiv, samstundes som rommet på ulikt vis vart omkasta og vertikalisert.

Engelskmann i Moskva, 1914

Modernisme endre

1913-14 la Malevitsj ut på reisa mot modernismen. Malevitsj, Aleksej Krutsjonykh og Mikhail Matjusjin laga då operaen Siger over sola. Operaen vart framført med kostyme, kulissar og annan rekvisita teikna av Malevitsj. Ei av bakgrunnskulissane var ein diagonalt delt firkant med eit kvitt og eit svart triangel.

Malevitsj skapte i 1913 måleriet Svart kvadrat, noko som vart avgjerande for hans vidare kunstarliv. Mot slutten av året var han på leit etter eit nytt og radikalt motsvar til all tidlegare kunst. Han utvikla to nye kunstnarlege strategiar. Fyrst delte han opp heile biletet og omorganiserte bitane. Den realistiske, linijære perspektivframstillinga, komposisjonen, var ikkje lengre det kunstnaren skulle fylgje. Engelskmann i Moskva, Soldat frå fyrste divisjonen, Delvis mørke og komposisjon med Mona Lisa vart alle laga i 1914. Malevitsj nytta i desse bileta ein kubo-futuristisk, collageliknande og lett surrealistisk stil. I verk finst ulike gjenstandar, former og bokstavar utan noko logisk ordning.

Suprematisme: Raud og svart kross, ca. 1918
Suprematistkomposisjon, 1916

Suprematisme endre

Svart kvadrat, 1915

Åra 1915-18 var han med og utvikla kunstretninga suprematisme. På den siste futuristiske utstillinga 0,10 ('null-ti') i 1915 i Petrograd stilte Malevitsj ut 39 suprematistiske verk. Han var då inne i ein biletfase utan gjenkjennelege gjenstandar. Det var ei verd med tyngdelause og gestalta, strukturerte og forminnhaldande element, ein kunst frå forestillingsverda.

På 1920-talet utvikla Malevitsj kvit og raud suprematisme, statisk og dynamisk suprematisme og til sist tredimensjonell suprematisme i form av modellar og skulpturar. Malevitsj sine elevar og andre tilhengarar av suprematismen byrja nytte den som totalkunst. Til dømes laga ein tekanner og tekoppar i suprematistisk stil i 1923. Det fyrste tyet med suprematistisk mønster kom i 1919.

I dei siste åra av livet sitt gjekk Malevitsj delvis over til den figurative kunsten, men ein bit suprematisme fanst alltid i bileta hans. Han vart kreftsjuk i 1933 og døydde to år seinare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kasimir Malevitsj