Kastellórizo (gresk Καστελλόριζο, italiensk Castelrosso, tyrkisk Meis) eller Mejísti (gresk Μεγίστη) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Middelhavet. Ho ligg 1,3 km utanfor sørkysten av Tyrkia, om lag 110 km aust for Ródos, om lag midt mellom Ródos og Antalya.

Kastellórizo
Lokalt namn Καστελλόριζο eller Μεγίστη
Kastellórizo by
Kastellórizo by
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 36°08′05″N 29°35′00″E / 36.1347°N 29.5833°E / 36.1347; 29.5833
Øygruppe Dodekanesane

Areal 12,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Største busetnad Kastellórizo (492 innb.)

Demografi
Folketal 492 (2011[1])
Folketettleik 41,1 /km²

Kastellórizo med småøyane omkring er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Kastellórizo 491 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Ho har hatt forskjellige namn gjennom historia, som Castellorizo, Castelrosso og Meis. Det noverande offisielle greske namnet er Mejísti, som tyder «Størst». Dette er noko ironisk sidan ho er den minste av dei busette øyane i Dodekanesane med eit areal på under 10 km². Namnet refererer til at ho er den største av den litle gruppa av øyar ho har rundt seg. Dei største av desse er Ro i vest og Strongylí i søraust.

Geografi endre

Kastellórizo er den austlegaste av dei busette greske øyane og ligg aust i Middelhavet. Hovudøya ligg om lag 3 km frå Kaş i Tyrkia, og er seks km lang og tre km brei med eit areal på 9,2 km². Ho har ei trekanta form med tre nes i kvart sitt hjørne: Ájos Stéfanos i nord, Nífti i aust og Pounéndi i sørvest. Mellom dei to førstnemnde ligg det ei bukt der ein finn den einaste landsbyen på øya. Neset Ájos Stéfanos ligg nærast Anatolia og er 2,25 km sør for den tyrkiske byen Kaş (gresk: Αντίφελλος, Andífellos). Kapp Nífti ligg litt lenger frå fastlandet. Øya er kledd med fjell, som stort ett består av kalkstein, og har ein høg og kupert kyst. Det er ingen vasskjelder på øya, og alt drikkevatn blir frakta med båt frå Ródos.

Historie endre

Øya vart først kolonisert av dorianarar som kalla ho Megiste. Inskripsjonar i borga Ai–Nikolas (paleokástro) stadfestar at i den hellenistiske perioden vart øya styrt av Ródos.

Under Austromarriket var øya ein del av «Eparkiet av øyane», som hadde Ródos som hovudstad. Provinsen var hovudsakleg maritim. I mellomalderen kjempa austromarane og osmanske tyrkarar om øya.

I 1306 vart øya teken av Maltesarordenen av Jerusalem, styrt av Folques de Villaret. Dei var på veg frå Kypros til Ródos, som dei erobra tre år seinare, og som vart sentrum i staten deira. Dei bygde opp att borga, som så vart fengsel for utru riddarar. I 1440 vart øya okkupert av sultan Djemal-el-din av Egypt, som øydela borga. Ti år seinare vart ho erobra av Alfons V av Aragon, kongen av Napoli, som i 1461 bygde opp att borga og sende ein guvernør til staden. Napoli heldt øya til 1512 då ho vart erobra av den osmanske sultanen Suleiman I.

22. september 1659 under krigen mot Kreta vart øya erobra av Venezia, som igjen øydela borga, men osmanarane klarte å ta øya tilbake etter ein liten periode. Mellom 1828 og 1833 vart Kastellórizo med dei greske opprørarane, men etter den greske sjølvstendekrigen enda, kom ho tilbake til Det osmanske riket.

I 1912, under den tyrkisk-italienske krigen mellom Italia og Det osmanske riket, bad innbyggjarane general Ameglio, sjefen for dei italienske okkupasjonsstyrkane på Ródos, om å verte annektert av Italia. Forslaget vart avslått og 14. mars 1913 erobra innbyggjarane den osmanske garnisonen og utnemnde eit mellombels styre. I august same året sende den greske regjeringa ein oppsynsmann frå Sámos støtta av politsoldatar. Desse vart driven bort av innbyggjarane 20. oktober 1915. 28. desember 1915 gjekk eit fransk ekspedisjonskorps frå kryssaren «Jeanne d'Arc» i land på øya. Dei hindra grekarane i å gå på land på øya. Tyrkiske styrkar svarte på den franske okkupasjonen med å bombe øya frå land, og i 1917 klarte dei å søkke HMS «Ben-my-Chree». Etter Sèvrestraktaten vart øya gjeve til Italia, og den italienske marinen tok øya frå franskmennene den 1. mars 1921. Kastellórizo – med det italienske namnet Castelrosso – vart så ein del av Isole Italiane dell'Egeo.

I 1932 vart det signert ein avtale mellom Italia og Tyrkia, som definerte havgrensene mellom dei to nasjonane, og som gav alle småøyane rundt Kastellórizo – bortsett frå øyane Ro og Strongylí – til Tyrkia. Under den andre verdskrigen, den 25. februar 1941, klarte britiske kommandosoldatar å okkupere øya, men italienske styrkar frå Ródos erobra ho tilbake nokre dagar seinare. Då Italia kapitulerte til dei allierte i september 1943 vart øya igjen okkupert av Storbritannia, fram til tyske styrkar tok over i midten av 1944. I det britane drog bort frå øya tok det fyr i eit brennstofflager og brannen spreidde seg til eit nærliggande ammunisjonslager. Eksplosjonen øydela om lag halvparten av bygningane på øya.

Kastellórizo vart gjeve til Hellas i 1948 i lag med resten av Dodekanesane. Dei siste åra har turismen tatt seg opp på øya, hovudsakleg turistar som ønskjer ei litt rolegare øy i øygruppa.

Demografi og økonomi endre

Folketalet nådde toppen på slutten av 1800-talet med om lag 15 000 innbyggjarar. Seglskipa frå øya reiste med varer frå Anatolia (kol, tømmer valonia, furubark) til Egypt i byte mot varer her frå (ris, sukker, kaffi, slikepapir og garn), og førte korn frå Tyrkia til Ródos og Kypros. På øya vart det òg ein industri for trekol. Fiske industrien, hovudsakleg etter svamp, var òg viktig.

I byrjinga av 1900-talet dalte økonomien, særleg etter Det osmanske riket sitt fall og deporteringa av antaoliske grekarar i 1923. Seint i 1920-åra hadde folketalet fallet til 3 000, medan rundt 8 000 flytta utanlands, hovudsakleg til Australia, Egypt, Hellas og Amerika. I dag har øya under 500 innbyggjarar.

Ved sidan av ein moderat turistindustri er fiske mellom dei viktigaste næringane.

Byar og tettstader endre

Den einaste tettstaden i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Kastellórizo 492

Småøyar i kommunen:

  • Ro (0)
  • Strongylí (0)
  • Ájos Jeórjos (0)
  • Mávro Poiní store (0)
  • Mávro Poiní (0)
  • Polýfados (0)
  • Psomí (0)
  • Psoradiá (0)
 
Panorama av Kastellórizo by

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre