Katalase er eit enzym som finst i dei fleste menneskesellene og som kløyver det giftige stoffskifteproduktet hydrogenperoksid (H2O2) til vatn og oksygen. Det vernar slik sellene mot skadelege verknader av hydrogenperoksidet.

Illustrasjon av eit katalasemolekyl

Katalase er særs vanleg og finst i nesten alle seller og organ i dyr, i alle undersøkte planter, og i dei fleste mikroorganismane utanom dei som krev oksygenfrie levemiljø.

Katalase inneheld som funksjonell gruppe ein tetrapyrrol, som er identisk med hemet i hemoglobin. Det er eit av dei mest aktive enzyma som er kjende.

Kjelder endre

«katalase» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 8. januar 2017.

  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.