Denne artikkelen handlar om augesjukdommen. For fosstypen, sjå foss.

Katarakt (av latin cataracta, frå gresk katarrhegnynai, 'falla ned, fossa') også kalla grå stær, er blakking eller dimming av linsa i auget. Dette er mellom anna ei normal aldersendring, og finst hos dei fleste over 65 år. Fenomenet blir då kalla senil katarakt. Følgjene varierer frå noko uklårt syn, til fullt tap av synsevna. Katarakt kan òg skuldast annan sjukdom, stråling eller vera medfødd.

Katarakt

Kjernekatarakt sett i spaltelampe
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:366
ICD-10-kode:H26.9
ICPC-2:F92
DiseasesDB2179
MeSHD002386

Katarakt er ein stekr årsak til at folk blir blinde i verda. Senil katarakt står for ca. 48 % av alle førekomster av blinde, noko som utgjer rundt 18 millione menneske.[1]

Katarakt kan behandlast ved at ein opererer ut den fordunkla linsa og erstattar henne med ei kunstig linse.[2] Etter operasjonen oppnår over 95 % av pasientane normalt eller tilnærma normalt syn.[3]

Kjelder endre

  • Audun Øyri: Norsk medisinsk ordbok. Oslo, 1988.
  • Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.
Fotnotar
  1. Om katarakt ved nettsidene til WHO
  2. T. Sundar: Kataraktkirurgi - små snitt gir store synsgevinster.
  3. «Grå stær». Pasienthåndboka.no. Henta 28. august 2007. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.